LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Intruktørtannlege (fast og vikariat) ved Seksjon for peridonti

Søknadsfrist: 03.03.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instruktørtannlege (fast og vikariat) ved Seksjon for periodonti

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ein fast stilling som instruktørtannlege (20 %) og eit vikariat som instruktørtannlege (20 %) til 1. mars 2023 med tilsetjing snarast. Arbeidsstad er ved Seksjon for Periodonti. Søkjar må opplyse kva arbeidsdagar som er aktuelle.

Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar sjølvstendig klinisk og teoretisk undervisning av kvalifiseringskandidatar og studentar (tannlege- og tannpleier), behandling av institusjonen sine pasientar, rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. Den sjølvstendige teoretiske undervisninga kan vere i form av seminar og demonstrasjonar. I tillegg må ein vere budd på å vere aktivt med på å utvikle nye undervisingsopplegg, samt vere forplikta til å delta i etterutdanningsopplegg som vert tilbudd t.d. innan pedagogikk.

I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato.
  • Minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege i eit skandinavisk land er eit krav
  • Det er ønskeleg med pedagogisk utdanning, allsidig klinisk praksis, og undervisningserfaring.
  • Særskild interesse og klinisk erfaring innan fagområdet periodonti er ønskjeleg.
  • Søkjar bør ha anna stilling utanom Institutt for klinisk odontologi for å oppretthalde sine kliniske ferdigheiter.

Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, vere fleksibel og serviceinnstilt og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynt for stillinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

For stillingane gjeld Særavtale om arbeidsvilkår m.v. for instruktørtannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 590 000 (kode 1015, lønssteg 63-64) i lønsregulativet i staten. For søkjar med spesial-/spesialistkompetanse er løn for tida kr 615 000 (kode 1353, lønssteg 66). For særskilt kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva arbeidsdagar som er aktuelle
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS