Stilling:

Forskingsmedarbeider - Prosjektkoordinator for Prosjektet NORSE (deltid, 50 %) - Forsking og innovasjon

Søknadsfrist: 21.10.2018

Helse Førde HF

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Om prosjektet

Helse Førde har fått midlar frå Norges Forskningsråd til prosjektet «NORSE: Building bridges between psyche and soma through personalized and dynamic mental health systems». NORSE er eit elektronisk tilbakemeldingssystem med mål å tilpasse behandlinga betre til den enkelte sine ressursar og vanskar. NORSE skal i perioden 2017-2021 vidareutviklast innan tre område: I psykisk helsevern, ved oppfølging etter fedmekirurgi og i primærhelsetenesta. Prosjektet omfattar fleire pågåande doktorgradsprosjekt, og den siste tildelinga frå Forskningsrådet inneheld yttarlegare post.doc-stilling og seniorforskartid i forplikta nasjonale og internasjonale samarbeid.

Det er ledig ei midlertidig prosjektstilling i 50% frå snarast for ein periode på 3-4 år, med arbeidsoppgåver hovudsakleg innan administrasjon av prosjektet. Stillingsprosent kan bli utvida. Stillinga er lagt til Fag- og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon. Den som tilsettast vil samarbeide nært med prosjektleiar, samt andre i seksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå prosjektleiar i dagleg drift
  • Planlegging, gjennomføring og oppfølging ved ulike arrangement/møter.
  • Saksbehandling knytt til drift av prosjektet, økonomi, koordinering og rapportering.
  • Kontaktperson for samarbeidspartar
  • Endringar i ansvarsområde og/ eller arbeidsoppgåver må kunne påreknast.
  • Arbeidet inneber noko reiseverksemd

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå forsking, prosjektarbeid og/eller forskingsadministrativt arbeid
  • Erfaring frå helsetenesta og/eller kompetanse innan tema i prosjektet er ei føremon
  • Erfaring frå tverrfagleg teamarbeid
  • God kunnskap om og erfaring med bruk av IKT-verktøy, og evne til å ta i bruk aktuelle administrative verktøy
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

    Særlig relevant og lang praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.

Utdanningsretning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsevne og initiativ og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fleksibel og evne til å ha fleire ballar i lufta
  • Nysgjerrigheit og interesse for utvikling av betre helsetenester
  • Løysingsorientert, heilskapstenkjande, strukturert og leveringsdyktig

Språk

  • Norsk
  • Engelsk

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby ein variert og spanande arbeidsplass, der du får bidra i utviklingsarbeid og har rom for å utforme eigen arbeidskvardag
  • Gode kollegaer og eit spanande utviklingsprosjekt
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikringsordningar (Pensjon- og yrkesskade-/gruppelivs- og tenestereiseforsikring)
  • Inkluderande arbeidslivsordning (IA-bedrift)

    Slik søker du

  • Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ STILLINGA». Søkarane skal nytte det elektroniske CV-skjemaet som ein finn der. I tillegg må dette følgje søknaden:
  • Ei kort søknadstekst, med søkar sin motivasjonen for å søkje stillinga og kva ein har av relevant erfaring
  • CV, vitnemål og attestar
  • Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju

Ref. nr.: 3935347266

Søk på stillingen

Hjemmeside: www.helse-forde.no

Kontakt: Anne Kristin Kleiven (Uviklingsdirektør)

Telefon: (+47) 415 30 341

Kontakt: Christian Moltu (Prosjektleiar)

Telefon: (+47) 922 69 691

Kontakt: Guro Mjanger (Seksjonsleiar)

Telefon: (+47) 992 58 047