LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (midlertidig) - Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Søknadsfrist: 01.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei midlertidig 100 % stilling som universitetslektor for haustsemesteret 2021, med moglegheit for forlenging ut vårsemesteret 2022. Stillinga vil ha oppstart i august 2021.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett vil ha desse oppgåvene:

  • Ha ansvar for enkelte undervisningsoppgåver
  • Vidareutvikle mentorordninga i samarbeid med instituttet sine eigne mentorar og SV-fakultetet.
  • Digital utvikling, produksjon og formidling av undervisningsinnhald.
  • Formidle aktivitetar innan forsking og utdanning på nettsider og i sosiale media.
  • Delta i gjennomføringa av evaluering av undervisninga
  • Støtte opp om fagleg utviklingsarbeid og digitalisering av undervisinga.
  • Andre oppgåver knytt til undervisningsverksemda ved instituttet.

Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid) og fagleg oppdatering. Det kan bli endringar i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett som universitetslektor må:

  • ha mastergrad innan administrasjon og organisasjonsvitskap eller andre samfunnsvitskaplege fag.
  • Erfaring med undervisning, rettleiing, seminarundervisning eller liknande.
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
  • God administrativ IT-kompetanse, inklusiv bruk av statistikkprogram, samt erfaring med web-redigering
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr:

  • Eit godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning.
  • Årsløn for universitetslektor (kode 1009) er lønssteg 56 - 59, for tida NOK 498 800 – 526 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 1. juni 2021

Søknaden skal merkast 2021/6335

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS