LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (mellombels) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor (mellombels)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei mellombels stilling som universitetslektor (100 %) med tilsetjing snarast mogleg og fram til og med 31. august 2023.

Stillinga er knytt til prosjektet «Fleksibel videreutdanning i digitalisering for helsesektoren» der Universitetet i Bergen saman med partnarar frå primær- og spesialisthelsetenesta og næringslivet skal utvikle og teste ut ei fleksibel vidareutdanning for helsesektoren (20 studiepoeng). Arbeidet vil skje i tett samarbeid med Universitetet i Bergen Læringslab og partnarane og er knytt til Alrek Helseklynge.

Vidareutdanninga har som mål å kunne verte gjennomført for studentar som er i jobb og som skal kunne gjennomføre utdanninga uavhengig av stad og tid. Utdanninga skal vere eit tilbod til studentar over heile landet.

Det kan verte høve for fast stilling etter at prosjektet er slutt.

Arbeidsoppgåver:

  • støtte prosjektleiar med å opprette, drive og sluttføre prosjektet
  • delansvar for å utforme og teste ut prosjektet «Fleksibel videreutdanning i digitalisering for helsesektoren»
  • kartlegge og integrere partnarane sine behov for utdanningsinnhald
  • utvikle digitalt undervisningsinnhald med stor vekt på studentaktiv læring

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande kompetanse
  • det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant erfaring med digitalisering i helsesektoren, og engasjement og interesse for undervisning
  • det er eit ønskje at søkjar har prosjektleiarerfaring
  • det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • det er eit ønskje at søkjar har erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid,
  • erfaring med IKT-baserte læringsverktøy og læringsressursar
  • det er eit ønskje at søkjar har erfaring frå utarbeiding av fleksible undervisningsopplegg/nettbasert læring, kunnskap om sjølvregulerande læring

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjingsdato.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn frå lønssteg 56-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 507 600 - 583 500 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • fullstendig publikasjonsliste
  • vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS