LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i lingvistikk - 30 % vikariat

Søknadsfrist: 27.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i lingvistikk – Vikariat (30 %)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig eit 30 % vikariat som universitetslektor i lingvistikk frå 1. august 2021 til og med 31. desember 2021.

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 16 administrativt tilsette, kring 30 ph.d.-stipendiatar og 10 postdoktorar. Instituttet famnar om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Stillingsomtale:

Vikariatet er innan fagområdet lingvistikk. Vikaren er tilknytt faggruppa for lingvistikk og skal delta i undervisning og rettleiing ved bachelorprogrammet i språkvitskap og masterprogrammet i lingvistikk.

Arbeidsoppgåver:

  • Dei primære arbeidsoppgåvene for vikaren er knytt til gjennomføring av emnet Syntaks, og inkluderer emneansvar, undervisning, rettleiing, vurdering (eksamen) og evaluering. Undervisninga blir normalt gjeve på norsk, men pensumlista inkluderer litteratur på engelsk
  • Sekundære oppgåver er intern sensur ved andre emnar i bachelor- og masterprogrammet og ev. rettleiing av masteroppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad i lingvistikk eller eit språkfag med språkvitskapleg spesialisering.
  • Søkjar må ha gode kunnskapar innan syntaktisk teori, inkludert formelle metodar som utgangspunkt for teoretisk og deskriptivt arbeid med ulike språk.
  • Praktisk pedagogisk utdanning og erfaring med undervisning i høgare utdanning er ein føremon.
  • Dei faglege kvalifikasjonane vil vege tungt, men ikkje åleine vere avgjerande for vurderinga av søkjarane.
  • Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga.
  • Søkjar må beherske munnleg og skriftleg norsk eller eit anna skandinavisk språk, og gode evner i effektiv munnleg kunnskapsoverføring.
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid vil også bli tillagt vekt, i tillegg til evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 56-64 (kode 1009/LR25) etter tenesteansiennitet. For tida svarar dette til mellom 507 200 og 583 100 kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Spørsmål om den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS