LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (fast stilling) - Sosiologisk institutt

Søknadsfrist: 28.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor - fast stilling

Ved Sosiologisk institutt, Institutt for samanliknande politikk og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap er det ledig ei fast stilling som universitetslektor.

Stillinga er knytt til undervisningsemnet MET102 Samfunnsvitskapleg metode, som er eit emne dei tre institutta samarbeider om. Den som vert tilsett vil få arbeidsplass ved Sosiologisk institutt. Det vil i periodar vere mogleg å setje av tid til utvikling av eige prosjekt.

Stillinga har desse hovudoppgåvene:

  • Samarbeid med faglærarane og emneansvarleg om planlegging og gjennomføring av MET102, inkludert timeplanlegging
  • Bidra til undervisning og sensur.
  • Ta del i arbeidet med utlysing og tilsetjing av undervisningsassistentar på MET102 samt oppfølging av assistentane.
  • Koordinering av og deltaking i gruppeundervisninga med undervisningsassistentane, inkludert retting av obligatoriske oppgåver/ studentarbeid..
  • Det blir undervist i både kvalitativ og kvantitativ metode.
  • Gje opplæring i bruk av statistisk analyseprogram (Stata).
  • Administrasjon og informasjonsarbeid retta mot studentane. Bruk av Mitt UiB vil inngå i arbeidet.
  • Ansvar for gjennomføring av studentevaluering av undervisninga.Det kan bli endringar i arbeidsoppgåvene. Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på minimum mastergradnivå i eit av dei aktuelle faga.
  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentere gode og breie kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode
  • Søkjarar må ha erfaring i bruk av statistiske analyseprogram (helst Stata).
  • Det vert lagt vekt på eksamensresultat og relevant arbeidserfaring.
  • Dokumentert erfaring med undervisning/seminarleiing er ønskjeleg.
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • God administrativ IT-kompetanse.

Vi søkjer etter ein kandidat med desse eigenskapane:

  • Evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar og mange aktivitetar samstundes.
  • Vere fleksibel og serviceinnstilt.
  • Vilje til å bidra til det faglege og sosiale fellesskapet. Vi søkjer deg som samarbeider godt med andre.
  • Ha gode formidlingsevner.

Dokumentert pedagogisk kompetanse er ein føremon, den som blir tilsett vil bli oppmoda til å styrke sine pedagogiske kvalifikasjonar.

Vi tilbyr:

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning.
  • Årsløn for universitetslektor er lønssteg 56 ved tilsetting i det statlege regulativ, for tida NOK 507 600 per år (kode 1009/LR25.6). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • Godkjende kopiar av vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via JobbNorge.no.

Søknadsfrist: 28. oktober 2021

Søknaden skal merkast: 21/14130

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS