LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (50 %) ved integrert lektorprogram

Søknadsfrist: 15.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast 50 % stilling som universitetslektor. Sosiologisk institutt får frå hausten 2021 eit integrert lektorprogram, med master i sosiologi. Den ledige stillinga vil vere knytt til lektorprogrammet. Vi søker ein person som er engasjert i samfunnskunnskap i skolen. Dette er ein spennande moglegheit til å vere med å utvikle eit godt lektorprogram ved sosiologisk institutt saman med andre involverte ved Samfunnsvitskapleg fakultet.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning i samfunnsfagsdidaktikk og anna undervisning knytt til lektorprogrammet
  • Organisering og oppfølging av studentar i praksis
  • Samarbeid med andre involverte i lektorprogramma ved Universitetet i Bergen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad i sosiologi eller tilsvarande kvalifikasjonar
  • Pedagogisk basisutdanning
  • Røynsle med undervisning i ungdomstrinnet eller vidaregåande skule.
  • Evne til samarbeid og engasjement for undervisning

Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Relevant erfaring og kompetanse kan veie opp for manglande kvalifikasjonar.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 52 - 59 (kode 1009/LR.25).i lønsregulativet til staten. Dette utgjer for tida ei årsløn på NOK 466 500 - 526 00. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad
  • CV
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg lastas opp i Jobb Norge.

Søknadsfrist: 15 mars 2021

Søknaden skal merkast: 21/1294

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleder Liv Johanne Syltevik ved Sosiologisk institutt.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-konsulent Hanne Cappelen ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS