LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (20 %) i medisin (legevaktmedisin)

Søknadsfrist: 22.04.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor (20 %) i medisin (legevaktmedisin)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast 20 % stilling som universitetslektor i legevaktmedisin. Stillinga er plassert i Fagområde for allmennmedisin (FAM). FAM har rundt 14 fast tilsette i tillegg til fleire bistillingar og stipendiatar. IGS er lokalisert i Alrek helseklynge på Årstadvollen. Alrek helseklynge arbeider med forsking, innovasjon og undervisning retta mot kommunane, der tverrprofesjonelt samarbeid er ein viktig del. IGS sin nye forskings- og innovasjonsstrategi er basert på samarbeidet i Alrek helseklynge.

Vi søkjer ein lege som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til undervisning med vekt på praksisutdanning på legevakt. Stillinga skal styrke utdanninga i primærmedisin i legeutdanninga ved fakultetet gjennom det nye studieprogrammet Vestlandslegen (Legeutdanning i Noreg - Vestlandslegen som satsing ved UiB | Vestlandslegen | UiB).

Arbeidsplassen vil formelt vere ved IGS, men i praksis knytt til undervisning ved Bergen legevakt. Den tilsette vil også delta på stabsmøter ved instituttet.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett skal undervise og rettleie studentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det er også mogeleg å delta i forskingsprosjekt. Undervisningsplikta i stillinga er primært knytt til praksisutdanning for legestudentar i regi av Fagområde for allmennmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa god kvalitet med omsyn til undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sine faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må vere utdanna lege og ha særs god kjennskap til arbeidet ved Bergen legevakt
  • spesialitet i allmennmedisin er ein føremon, men andre spesialitetar kan og vere relevante
  • søkjar bør ha brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
  • det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
  • det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid og evne til å skape nettverk

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn frå lønssteg 56-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 507 600 - 583 500 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • fullstendig publikasjonsliste
  • vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS