LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (obstetrikk og gynekologi)

Søknadsfrist: 07.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (obstetrikk og gynekologi)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (obstetrikk og gynekologi) i tre (3) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) som lege ved Kvinneklinikken, Helse Førde. Arbeidsstad er ved Førde sentralsjukehus.

Arbeidsoppgåver:

Ansvar for medisinstudentar i desentral praksis i gynekologi og obstetrikk:

Sørge for tilrettelegging, innføring og oppfølging av ferdigheitstrening blant anna innan

  • undersøkingar i svangerskap, fødselshjelp, barsel og amming.
  • gynekologiske undersøkingar, journaldokumentasjon av polikliniske og innlagde gynekologiske pasientar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk cand.med. - grad eller tilsvarande kompetanse
  • det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og også engasjement og interesse for undervisning
  • det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring og også erfaring med populærvitskapleg formidling

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn frå lønssteg 52-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 466 500 - 575 600 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • fullstendig publikasjonsliste
  • vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar professor Pål Rasmus Njølstad, e-post: Pal.Njolstad@uib.no eller tlf.: 481 41 578

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS