Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Driftsleiar/ Driftsleder
Universitetet i Bergen er med sine 16 400 studentar og vel 3 600 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.
Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald og utvikling av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleie av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit årlig budsjett på omlag 700 mill. utanom større satsingar Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.
Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Bygningsmassen er inndelt i fem driftsområde med eigen drift, og i tillegg er det noko innleidd drift. Driftsområda vert leia av ein eigedomsforvaltar som rapporterer til seksjonssjef Drift.
Driftsleier/Driftsleder
Ved Eigedomsavdelinga, Drift er det ledig ei fast 100% stilling som driftsleder. Stillinga er i dag plassert i driftsområde 1. Dette driftsområdet har mellom anna ansvaret for Universitetsmuseet, Det humanistiske fakultet og det juridiske fakultet fakultetet. Stillinga rapporterer til eigedomsforvaltar.
Er du ryddig, strukturert og initiativrik med interesse for å leie andre? Då er du kanskje driftsleiaren vi ser etter. Vi er på jakt etter deg som har erfaring frå vedlikehalds- og dokumentasjonsarbeid. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er: «Samhandling, respekt, redelighet og åpenhet»
Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver og krev derfor at du har kunnskap innanfor fleire felt. Vi ser etter ein person som har erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg, økonomi og administrasjon. Erfaring frå større tekniske anlegg med kjølemaskiner, ventilasjon, sentral driftskontroll og drift av basseng mv. vil bli særskilt lagt vekt på. Du må ha gode IT-kunnskapar, og generelt vere analytisk.
Du må kunne jobbe i team og få teamet til å jobbe saman mot same mål. Vi ser etter deg som er løysings- og samarbeidsorientert og som gjerne ser andre/nye måtar å løysa oppgåvene på.. Stillinga inngår i leiarteamet for driftsområdet og rapporterer til eigedomsforvaltar.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsleiing av driftspersonell
Planlegging av kort- og langsiktig vedlikehald
Setje fokus på brukar-/leverandørforhold og yte service både mot brukarar og internt i eigen organisasjon
Pådrivar for kontinuerlege forbetringar
Styring av oppdrag på ein måte som sikrar at UiB er ein tryggarbeidsplass
Følgje opp og utvikle interne rutinar
Offentlege innkjøp av varer og tenester i samsvar med driftsområdet sitt budsjett
Rapportering iht. oppsette mål
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Relevant utdanning, til dømes teknisk fagskule, sekundært fagarbeidarutdanning med fagbrev, fortrinnsvis innan byggtekniske fag. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg. Erfaring frå større tekniske anlegg med kjølemaskiner/varmepumper, ventilasjon og sentral driftskontroll vil bli særskilt lagt vekt på
Gode kvalifikasjonar og erfaring med bruk av IT-verktøy
Erfaring frå budsjett og økonomi
Relevant og dokumentert erfaring som leiar
Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Vi ser det som ein føremon at søkjar har:
Kunnskap om offentlege innkjøp
God fleirfagleg innsikt
Erfaring frå arbeid i freda bygg
Personlege eigenskapar:
Godt humør og stå-på-vilje
Ryddig og strukturert med evne til å organisere
Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig
Initiativrik med interesse for utvikling og endring
Effektiv og analytisk anlagt
Serviceinnstilt
Kvalitetsbevisst
Resultatorientert
Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
Løn etter stillingskode stilling som vedlikehaldsleiar (kode 0400) i ltr 61-69 (for tida kr 542 400 til 627 700) etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
Opplæring og tilbod om vidareutdanning og utvikling
Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket.
Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.