Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Administrativ leiar ved Senter for framifrå forsking - Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE)

Søknadsfrist: 03.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrativ leiar

Ved Senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), Universitetet i Bergen, er det frå 7. mai ledig ei fast stilling som administrativ leiar (prosjektleiar).

Om SFF-ordninga og SapienCE

SFF-ordninga er driven av Noregs forskingsråd med det føremål for avgrensa tidsperiodar å etablere forskingssenter som driv konsentrert, fokusert og langsiktig forskingsinnsats på framifrå internasjonalt nivå.

SapiensCE vert leia av professor Christopher Henshilwood og skal forske på åtferdsutviklinga til homo sapiens i Sør-Afrika for mellom 50.000 og 100.000 år sidan. Senteret har fem Principal Investigators (PIs), som utgjer leiargruppa saman med senterleiar. Forskarar frå ulike fagfelt ved andre UiB-fakultet og internasjonale samarbeidspartnarar er knytte til senteret. For å studere det tidlege menneskets kulturelle, sosiale og teknologiske åtferd integrerer vårt inter-disiplinære forskarteam analyser av eit detaljrikt utgravingsmateriale med bruk av innovative geoarkeologiske, klima- og kognitive datamodellar. Denne heilskaplege tilnærminga gjer banebrytande innsikt i dei ulike aspekta av kva det vil seie å vere menneske.

I tillegg til administrativ leiar er administrative ressursar tilsvarande om lag to stillingar knytt til senteret. Tilsette på institutt og fakultet med spisskompetanse på ulike administrative felt, inngår i den administrative staben ved senteret med delar av si arbeidskraft.

Administrasjonssjefen ved AHKR er næraste overordna, men administrativ leiar rapporterer på dagleg basis til senterleiar.

Det er utarbeidd ei stillingsbeskriving som gjer meir utfyllande informasjon om arbeidsoppgåver og kvalifikasjonskrav. Denne kan ein få ved å venda seg til post@ahkr.uib.no.

Arbeidsoppgåver:

Administrativ leiar står for den administrative leiinga av senteret, koordinerer og har arbeidsleiing av dei administrative tenestene knytt til senteret. Ho/han koordinerer og har det daglege tilsynet med senteret si verksemd i samsvar med vedtak i styret og behova til senterleiar. Administrativ leiar deltek i og medverkar til koordinering av fagleg utviklingsarbeid innafor senteret sine prioriterte forskingsområde. Sentrale oppgåver er mellom anna økonomistyring, forskingsadministrasjon, rapportering og informasjonsflyt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

Søkjarar må ha master- eller doktorgrad. Leiarerfaring og relevant administrativ yrkespraksis er ein føresetnad. Ein ventar at søkjarar har kjennskap til og erfaring frå uh-sektoren, god organisasjons- og rolleforståing, og god forståing for vitskapeleg verksemd. Søkjarar må ha særs gode kommunikasjonsferdigheiter og vere flytande i både engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Personlege eigenskaper:

Søkjarar må ha gode samarbeidsevner, og må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, og må ha evne til å organisere, koordinere og prioritere eit breitt spekter av oppgåver. Ho/han må vere fleksibel og serviceorientert, og ha moglegheit for ein del reiseverksemd. Søkjarar må trivast i ein hektisk arbeidskvardag i eit internasjonalt miljø, til tider med stort arbeidspress. I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Løn tilsvarande lønssteg 58-66 (kode 1113 prosjektleiar) i statens regulativ (for tida frå kr 513 200-594 000). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Britt Kristin Holsen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, telefon 55582315 eller e-post britt.holsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK STILLINGA». Søknaden må seie noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer, og kvifor du passar til stillinga. Attesterte kopiar av vitnemål og attestar må leggjast ved.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 03.05.2020

UiB-id: 20/3805

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS