LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgivar (nestleiar) ved studieseksjonen til SV-fakultetet

Søknadsfrist: 22.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar

Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) søkjer ein motivert, engasjert og målbevisst person som nestleiar for Studieseksjonen, med oppstart snarast mogleg.

Som nestleiar skal du vere ein ressursperson innan studiekvalitet, studieadministrative prosessar, sakshandsaming og forvaltning ved fakultetet. Du skal også kunne leie og delta i prosjekt- og prosessarbeid for å utvikle og forbetre det studieadministrative feltet. Nestleiar i seksjonen rapporterer til og arbeider tett med seksjonsleiar og fagleg leiing. Nestleiar vil fungere som avløysar for seksjonsleiar ved behov.

Studieseksjonen har ansvar for samordning på tvers av institutta, ansvar for og drift av blant anna Informasjonssenteret, rettleiingstenester, internasjonalisering, studiekvalitet og studentrekruttering. Seksjonen har ei pådrivarrolle for studieadministrativt utviklingsarbeid på fakultetet. Vi vektlegg god dialog med våre sju institutt. For meir informasjon om fakultetet og våre studieprogram sjå her.

Arbeidsoppgåver:

  • Administrativt ansvar for studiekvalitetsarbeidet ved fakultetet, mellom anna oppfølging av UiB sitt kvalitetssystem for utdanning
  • Rådgjeving knytt til saksbehandling og forvaltning, og behandling av klage- og fuskesaker
  • Oppfølging av lærarutdanninga ved fakultetet
  • Rådgjeving i studieadministrative spørsmål
  • Ansvar for saksførebuing og oppfølging av høyringar
  • Utgreiings- og utviklingsoppgåver og prosjektleiing, særleg knytt til effektivisering av dei studieadministrative arbeidsprosessane, mellom anna ved auka bruk av digitale løysingar
  • Deltaking i ulike arbeidsgrupper og studieadministrative nettverk.

Den som blir tilsett må være førebudd på at arbeidsoppgåvene kan endrast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på masternivå.
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og relevant praksis og røynsle frå det studieadministrative arbeidsfeltet.
  • God kjennskap til forvaltningsoppgåver innan studiefeltet, mellom anna røynsle med oppfølging av relevante lovkrav, forskrifter og regelverk.
  • God kjennskap til arbeid med studiekvalitet er eit føremon.
  • Erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid, og gode analytiske eigenskapar, er ein føremon
  • Særs gode kunnskapar i norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å leie og koordinere prosessar med fokus på mål, framdrift og resultat
  • Motivert, fleksibel og sørvisinnstilt
  • Evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress
  • Ein lagspelar som er opptatt av gode prosessar og godt samspel med andre
  • Arbeider strukturert og trivst med utvikling av system og rutinar

Vi kan tilby:

  • Løn som seniorrådgivar (kode 1364) tilsvarande lønssteg 66-70, for tida 604 700 – 650 300,- årleg. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for kompetanseutvikling.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida. Søknaden skal innehalde søknadsbrev som seier noko om din motivasjon for stillinga, cv, kopi av vitnemål og relevante attestar samt to referansar (namn og kontaktinformasjon).

Søknadsfrist: 22. mai

Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS