Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seksjonssjef / verkstadsleiar - Fakultet for kunst, musikk og design

Søknadsfrist: 16.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seksjonssjef/verkstadsleiar ved Fakultet for kunst, musikk og design

Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei fast stilling som seksjonssjef i 100 % stilling. Seksjonssjef skal leie verkstadene og dei tekniske tenestene, som i dag utgjer omlag 9 årsverk. Seksjonen har i dag verkstader og tenester innan fagfelta kunst, musikk og design. Seksjonen er organisert som ein fellesfunksjon for heile fakultetet, og har lokasjon i Møllendalsveien 61 (Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst og Institutt for design) og i Nygård Skole (Griegakademiet – Institutt for musikk). Arbeidsstad vil kunne variere mellom dei to lokasjonane.

Seksjonsleiar skal samarbeide tett med fagmiljø og øvrige funksjonar i fakultetsadministrasjonen. Seksjonssjefen rapporterer til fakultetsdirektør.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere å drifte og utvikle verkstadene i tett samarbeid med fagmiljø og dei fagansvarlege ved institutta. Vidare vil seksjonssjefen vere leiar for dei teknisk tilsette.

  • Ansvarleg for planlegging og drift av verkstadene
  • Sørge for at gjeldande HMS-regelverk vert følgt
  • Personalansvar for teknisk tilsette
  • Koordineringsansvar for bemanning av verkstadene
  • Budsjettansvar
  • Bidra til utvikling av verkstadene i tett samarbeid med fagmiljø og dei fagansvarlege
  • Iverksetting og oppfølging av prosedyrar og rutinar knytt til verkstadsfunksjonar og infrastruktur ved fakultetet
  • Samarbeide med studieadministrasjonen i planlegging og tilrettelegging av undervisningsaktivitetar
  • Legge til rette for kunstnarleg utviklingsarbeid og vitskapleg forsking, i samarbeid med instituttleiarane
  • Ein må rekne med noko sakshandsaming

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein involverande og motivert leiar med evne til å engasjere dei tilsette, og som ønsker å bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø for studentar og tilsette ved Fakultet for kunst, musikk og design. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Søkjar må ha relevant høgare utdanning og helst yrkeserfaring innan fakultetet sine fagfelt. Vidare blir det stilt krav til leiarerfaring og innsikt i fagfelta ved verkstadene. Gode engelskkunnskapar og IKT-kompetanse er ein føresetnad.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Personalansvar for teknisk personale på verkstadene
  • Serviceinnstilling overfor studentar og fagmiljø
  • Interesse for kunstnarlege fag og kjennskap til kultursektoren
  • God rolleforståing, med vekt på kjennskap til gjeldande regelverk
  • Samarbeidsevne
  • Evne til å delegere arbeidsoppgåver
  • Sjølvstendig og resultatorientert

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seksjonssjef (kode 1211) i lønssteg 51- 70 (for tida kr 456.400 - 640.200) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fakultetsdirektør Synnøve Myhre: Synnøve.Myhre@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS