LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Økonomisjef (seksjonssjef) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 06.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Økonomisjef (seksjonssjef)

Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig ei stilling som økonomisjef/seksjonssjef for økonomiseksjonen (100%).

Økonomisjefen rapporterer til fakultetsdirektøren som leiar fakultetsadministrasjonen. Stillinga inngår i den administrative leiargruppa ved fakultetet.

Fakultetet har om lag 1 200 tilsette, fem institutt og to senter for framifrå forsking. Fakultetet har forskingsaktivitet på høgt internasjonalt nivå, og utdanningsprogram i medisin, odontologi, farmasi, ernæring og andre bachelor- og masterprogram i helserelaterte fag. Dette omfattar om lag 1 900 studentar på bachelor-, master og vel 500 ph.d. kandidatar. I 2021 er grunnbudsjett på omlag 720 millionar kroner, i tillegg til ein eksternt finansiert aktivitet for om lag 350 millionar kroner. Fakultetet samarbeider tett med sentrale aktørar i helsevesenet og med andre utdanningsinstitusjonar.

Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar. I tillegg kjem administrasjon for Globale samfunnsutfordringar (GSU, eit strategisk satsingsområde ved UiB) og Regional komité for forskingsetikk Vest (REK Vest). Økonomiseksjonen jobbar med økonomistyring, budsjettering, rapportering og prognosearbeid, samt analyser og utgreiingsoppgåver innan økonomifeltet. Seksjonen handterer og fakultetet sine fond og legat. UiB arbeider med standardisering av administrative tenester generelt, samt implementering av nytt lønns- og økonomisystem. Dette gir spanande moglegheiter som vil påverke økonomifeltet.

Omfattande avgjerds- og ansvarsmynde er delegert til fakultetet, både innan økonomi- og personalforvaltning, så vel som innan studie- og forskingsadministrasjon. Fakultetsadministrasjonen førebur saker for fakultetsstyret i samråd med den faglege leiinga og har ansvar for iverksetjing av vedtak.

Arbeidsoppgåver:

Økonomisjefen har flerre ansvarsområder:

  • Leiar for økonomiseksjonen
  • Strategisk økonomistyring og leiarinformasjon
  • Prosjektleiing, rådgjeving, evalueringsarbeid
  • Saksbehandlings, utviklings- og utgreiingsoppgåve
  • Bidra til å effektivisere og forbetre prosedyrar og arbeidsprosessar innan økonomifeltet for heile fakultetet, mellom anna ved auka bruk av digitale løysingar

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad i økonomi. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå økonomistyring og økonomiforvaltning
  • Relevant leiarerfaring er ein føremon
  • Erfaring med omstillings- og organisasjonsutviklingsarbeid samt utgreiingsoppgåver er ein føremon
  • Innsikt i universitets- og høgskulesektoren og relevante lov- og avtaleverk er ein føremon
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål) og engelsk

Vi søkjer ein person som

  • har evne til å leie og motivere medarbeidere, vere initiativrik og engasjert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er utviklingsorientert og strategisk
  • har stor grad av sjølvstende og er løysingsorientert
  • har stor arbeidskapasitet og arbeider systematisk

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Tilbod om fagleg og personleg utvikling gjennom kompetanse- og leiarutvikling
  • Stilling som seksjonssjef (kode 1211) i lønssteg 74 – 82 (for tida kr 694 400 – 864 100). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS