LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Administrativ leiar ved Holbergsekretariatet

Søknadsfrist: 05.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret.

Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrativ leiar ved Holbergsekretariatet

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå vitskapleg arbeid innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen vert delt ut årleg og er ein av dei største i sitt slag. Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå Norden og forskingskonkurransen Holbergprisen i skolen er òg ein del av porteføljen til Holbergprisen. Sekretariatet vert administrert gjennom Holbergstyret av Universitetet i Bergen, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

I Holbergsekretariatet arbeider det i dag totalt fem personar i 100% stilling (administrativ leiar, to rådgivarar, to seniorkonsulentar) og ein fagleg leiar i 50%. I tillegg er to studentmedarbeidarer knytt til sekretariatet i deltidsstillingar.

Ved Holbergsekretariatet er det ledig fast stilling (100%) som administrativ leiar. Administrativ leiar rapporterer til Holbergprisens faglege leiar.

Arbeidsoppgåver:

Administrativ leiing av Holbergsekretariatets daglege drift, og leiing av den samla administrative eininga, med særskilt vekt på følgjande oppgåver:

  • Strategiutvikling, budsjett- og rekneskapsarbeid
  • Førebu og sette i verk vedtak fatta i Holbergstyret
  • Personaloppfølging, kontraktar, interne rutinar
  • Koordinering av dei akademiske komitéane sitt arbeid og møter
  • Planlegging og gjennomføring av større arrangement, nasjonalt og internasjonalt
  • Informasjonsarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på minst masternivå innan samfunnsvitskap, humaniora, juss eller teologi. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant leiarerfaring tilpassa stillinga
  • Relevant administrativ praksis, gjerne frå universitetssektoren
  • Erfaring med budsjett- og rekneskapsarbeid
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk
  • Erfaring frå planlegging og gjennomføring av arrangement
  • Kjennskap til internasjonal forsking og forskingsorganisering er ønskeleg
  • Evne til å ta initiativ, være fleksibel, vand med å handtere mange oppgåver samtidig, kunne arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig og være ein god lagspelar i en liten organisasjon

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli lagt vekt på.Stillinga inneber noko reising nasjonalt og internasjonalt

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som administrativ leiar/ seksjonssjef (kode 1211), i ltr. 68 – 71 (for tiden kr. 626 100 - 665 700 brutto) i det statlege lønsregulativet. For særlig kvalifiserte søkere kan høyere lønn vurderes.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrativ leiar, Ingrid Ovidia Telle (tlf. 55 58 29 24, epost: ingrid.o.telle@uib.no) eller
  • Fagleg leiar Ellen Mortensen, (tlf. 55 58 23 20, epost: ellen.mortensen@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS