LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Leiar for informasjonssenteret ved Det humanistiske fakultet (Rådgjevar)

Søknadsfrist: 04.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Brenn du for å gjere ein innsats for studentars trivsel? Då bør du søke på denne stillinga!

Ved Det humanistiske fakultet er det frå 1. oktober 2022 ledig ei fast 100 % rådgjevarstilling som leiar for informasjonssenteret ved Det humanistiske fakultet.

Vi er opptatt av at våre studentar raskt blir del av eit inkluderande, sosialt og læringsorientert studiemiljø. I denne stillinga får du hovudansvar for å jobbe med studentmottak, mentorordning og informasjonstenester for studentane ved Det humanistiske fakultet

Om stillinga

Infosenteret ved HF er ein viktig samarbeidsarena for studiekonsulentar og studentmedarbeidarar, og eit viktig haldepunkt og møteplass for studentane ved fakultetet.Leiaren for Infosenteret har ansvar for den daglege drifta, som for tida tilbyr informasjonstenester i skranke, på telefon og digitalt i tillegg til studierettleiingstimar. Senteret er bemanna av studiekonsulentar og studentmedarbeidarar.

I tillegg til å leie Infosenteret, koordinere studiestart og vidareutvikle mentorordninga, har stillinga ansvar for å organisere og gjennomføre rekrutteringstiltak og arrangement.

Stillinga høyrer til Seksjon for studiar og forskarutdanning og næraste overordna er studiesjefen ved fakultetet. Alle i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til stillinga si, òg måtte ta del i andre administrative oppgåver. Stillinga vil ha arbeidsplass ved Informasjonssenteret i delar av arbeidsveka.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Koordinering av drifta ved Informasjonssenteret, mellom anna ansvar for oppfølging av fakultetet sine informasjonstenester mot studentar.
  • Koordinering av studentmottak og mentorordning ved fakultetet, blant anna gjennom leiing av Nettverk for mentorordning og studiestart
  • Rekrutteringsarbeid, ansvar for informasjon på nettsider, lokale arrangement m.m.
  • Deltaking i studieadministrative nettverk knytt til rekrutterings- og informasjonsarbeid
  • Saksførebuing til Studiestyret og Fakultetsstyret
  • Utgreiingsarbeid og rutineutvikling innafor seksjonen sine arbeidsfelt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad. Lang, relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet, relevant praksis og erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Kjennskap til arbeid med studentmottak og/eller førsteårsopplevingar for studentar i høgare utdanning er ein føremon
  • Erfaring med informasjonsarbeid og studierettleiing er ein føremon
  • Erfaring med organisering av arrangement er ein føremon
  • Det blir lagt vekt på relevant it-kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Evne til å leie team, og evne til å motivere andre
  • Evne til sjølvstendig oppfølging og gjennomføring av arbeidsoppgåver
  • Motivert, fleksibel og sørvisinnstilt
  • Evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress
  • Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på bokmål, nynorsk og engelsk

Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit sosialt godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for kompetanseutvikling i ein stor og spennande kunnskapsorganisasjon
  • Ei stilling som gir rom for initiativ og engasjement
  • Løn tilsvarande lønssteg 62-67, for tida. 573 500-625 900 brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Søknadsfrist: 04.09.2022

Merk søknaden: 22/11627

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS