Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingsadministrativ leiar - Psykologisk institutt (PSI)

Søknadsfrist: 28.09.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Om stillinga

Ved Psykologisk institutt (PSI) er det ledig fast stilling som forskingsadministrativ leiar (avdelingsleiar SKO 1407). Stillinga er ein del av instituttet sin administrasjon og er del av ei gruppe på 6-7 personar som jobbar med forskingsadministrativ støtte til instituttet sine forskarar. Stillinga er del av det forskingsadministrative nettverket ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet.

Psykologisk institutt har store ambisjonar for forskinga. Vi skal sørgje for gode fasilitetar for forsking og god støtte til forskarane våre. Vi jobbar aktivt for å auke delen eksternt finansierte forskingsprosjekt, spesielt frå EU og NFR. I dag har vi ei rekke NFR-prosjekt, er partner i to SFFar, har fem prosjekt finansiert gjennom EU sine rammeprogram for forsking og har eitt av UiO sine fem verdsleiande forskingsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • overordna ansvar for forskingsadministrasjonen og arbeidsleiar for tilsette i forskingsadministrasjonen. Leiing av forskingsadministrativt nettverk ved instituttet. Det kan bli lagt personalansvar til stillinga
  • hjelpe instituttet si leiing i det forskingsstrategiske arbeidet gjennom tett samarbeid med forskingsleiar
  • legge til rette for god forskingsstøtte for alle instituttet sine prosjekt
  • koordinere arbeidet med å søkje om eksterne midlar til forsking, frå til dømes EU, NFR og andre kjelder
  • praktisk støtte til forskarar som søkjer om ekstern finansiering frå NFR, EU og andre finansieringskjelder. Dette inneber å arbeide med enkeltforskarar og grupper om identifisering av finansieringskjelder, søknadsskriving, budsjettering, etc.
  • hjelpe i arbeidet med karriereutvikling for dei yngre forskarane ved instituttet
  • medlem av leiargruppa ved instituttet

Krav til kvalifikasjonar

  • utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • det vil vere ein fordel med kjennskap til psykologisk forskning
  • brei erfaring frå forskingsadministrasjon, ekstern finansiering og prosjektoppfølging
  • det er ein fordel med kjennskap til GDPR, forskingsetikk og helseforskingslova
  • det er ein fordel med ein Phd-grad, men det er ingen forutsetning
  • leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
  • det er ein fordel med erfaring frå påverkingsarbeid, gjerne opp mot EU og NFR
  • erfaring med strategiarbeid
  • det krevs erfaring med elektroniske verktøy som arbeidsreiskap, og kjennskap til relevante administrative system er ein fordel
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

Vi søkjar deg som

  • finn psykologisk forskning svært spanande og er motivert for å støtte arbeidet til dei vitskapleg ansatte og hjelpe til å skape betingelser for forsking på høyeste internasjonale plan ved Psykologisk Institutt
  • blir motivert av å bygge opp andre og bygge opp innovative og effektive miljø
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • er fleksibel og nytenkande
  • har evne til å koordinere andre og kan handtere mange ulike oppgåver i eit hektisk miljø
  • tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • syner engasjement og initiativ
  • har god organisasjons- og rolleforståelse, samt evne til analytisk og strategisk arbeid
  • er ein god nettverksbyggar
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er interessert i leiing, finn motivasjon i å jobbe i grupper og gjere ein god jobb som leiar

Vi tilbyr

  • eit aktivt og hyggeleg arbeidsmiljø
  • løn som avdelingsleiar (stillingskode 1407) fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr. 615 900 - 704 900, avhengig av kompetanse
  • gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen