Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Seksjonssjef økonomi - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 11.03.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.


Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det samfunnsvitskaplege fakultet søkjer seksjonssjef for eit administrativt område i endring. Vi søkjer ein person med sans for tal – og for menneske – og med lyst og evner til å leie og utvikle fakultetet sin økonomiseksjon.

Om fakultetet

Fakultetet har 600 tilsette og 4 700 studenter. Fakultetet har ei samla omsetning på i overkant av 700 millionar kroner og ei stor portefølje av eksternt finansierte forskingsprosjekt.

Økonomiseksjonen bistår fakultetet sine fem institutt og to senter med økononomistyring og utvikling og forbetring av prosessar og rutinar.

Om stillinga

Seksjonen skal bidra til å sikre god økonomistyring ved hele fakultetet og til god forvalting og effektiv utnytting av fakultetet sine ressurs.

Økonomiseksjonen har 14 tilsette med ansvar for verksemdstyring, rekneskap/bilagshandtering, innkjøp og prosjektstyring.

Vi søkjer ein seksjonsleiar som:

  • skapar gode rammer for endring
  • byggjar tillit og ser moglegheiter
  • ser potensial og byggjer kompetanse i seksjonen
  • balanserer strategisk rådgjevning til leiinga med eit sterkt operativt fokus

Arbeidsoppgåver

Leiing og utvikling av økonomifunksjonen ved fakultetet, som har ansvaret for:

  • Plan og budsjettarbeid
  • Økonomi og rekneskapsanalyse
  • Rapportering
  • Prosjektstøtte til eksternfinansierte prosjekter
  • Innkjøp, rekneskap og bilagshandtering
  • Kompetanseutvikling innen økonomifeltet

- Råd og leiarstøtte til fakultetets- og instituttleiiing i gjennomføring av strategi og handlingsplanar

- Rapportering til institutt og fakultetsstyre

- Delta i UiO sitt leiarnettverk

Universitetet i Oslo vil frå og med 1.1.2021 ta i bruk nytt økonomi- og lønnssystem. Seksjonsleiaren vil i samarbeid med sentralt mottaksprosjekt ha ansvaret for å koordinere kommunikasjon og opplæring i nytt system, prosessar og roller ved fakultetet.

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning på masternivå i økonomi, gjerne siviløkonomutdanning. Lang og relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet.
  • Leiarerfaring er eit krav.
  • Gode kunnskapar innan norsk og engelsk er ein føresetnad.

Andre kvalifikasjoner

  • Erfaring frå offentleg sektor, helst frå forskings- og utdanningssektoren
  • Relevant erfaring med økonomistyring
  • God organisasjons- og rolleforståing
  • Erfaring fra prosjektleiing, endringsleiing

Personlige eigenskapar

  • Evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid.
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Stor arbeidskapasitet og kunne takle press

Det vil også bli lagt vekt på:

  • Ein open, inkluderende og motiverande leiarstil
  • Gode samarbeidsegeigenskapar og evne til relasjonsbygging
  • At du er initiativrik, entusiastisk, systematisk, fleksibel og løsningsorientert

Ved vurdering av søkarane vil det bli lagt vekt på utdanning, erfaring, samt motivasjon for stillinga. Det vil bli lagt stor vekt på personlig egnethet.

Vi tilbyr

  • løn som stillingstittel kode 1211 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 667.200 og kr 860.300, avhengig av kompetanse evt. og ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS