Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Kontorsjef - Økonomisk institutt

Søknadsfrist: 21.08.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Økonomisk institutt har vel 90 tilsette og er det største og høgst rangerte instituttet for økonomisk forsking i Noreg. Instituttet tilbyr eit bachelorprogram og to masterprogram med omlag 350 studentar, samt eit doktorgradsprogram med omlag 40 studentar. Instituttet er vert for eit senterfor studier av likskap, sosial organisering og økonomisk utvikling (ESOP), og eit senter for offentleg økonomi, Oslo Fiscal Studies (OFS).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved Økonomisk institutt er det ledig ei stilling som administrativ leiar.

Stillinga er underlagt instituttleiar og er delegert ansvaret for instituttet sine tekniske, administrative og forvaltningsmessige oppgåver. Kontorsjefen inngår i instituttet si leiargruppe.

I stillinga inngår sekretærfunksjonen for instituttstyret med førebuing av saker og iverksetting av vedtak. Oppgåvene i stillinga er varierte og femner om personalleiing, økonomistyring, handtering av personal- og tilsettingssaker i tillegg til planlegging, leiing og koordinering av studie- og forskingsadministrativ støtte.

Kontorsjefen inngår i det administrative leiarnettverket ved fakultetet og det er tett administrativt samarbeid mellom institutta og fakultetet.

Økonomisk institutt har to senter; ESOP og OFS. Instituttet har fått midlar til utvikling av eit verdsleiande miljø knytt til ESOP. Instituttet har to ERC Starting Grants og eit ERC Consolidator Grant, og fleire store prosjekt finansiert av Forskingsrådet.

Kvalifikasjonskrav

Stillinga krev relevant utdanning frå universitet eller høgskule tilsvarande mastergrad. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet. Relevant administrativ erfaring innan personaladministrasjon, leiing og økonomistyring vert vektlagt. Erfaring frå universitet eller liknande utdanningsinstitusjon er ei føremon.

I tillegg vert personlege eigenskapar som gjennomføringsevne, strategiske og analytiske evner, evne til kommunikasjon, god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk), sjølvstende, samarbeidsevner og godt humør vektlagt.

Vi tilbyr ei interessant og utfordrande leiarstilling med gode moglegheiter for leiarfagleg og personleg utvikling i eit godt fungerande leiarnettverk.

Vi tilbyr

  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagleg stimulerande miljø
  • løn som kontorsjef (stillingskode 1054) fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 667 200 og kr 765 100, avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Instituttleder Steinar Holden, tlf: 22855156, e-post: steinar.holden@econ.uio.no
  • Fakultetsdirektør Gudleik Grimstad, tlf: 22856265, e-post: gudleik.grimstad@sv.uio.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS