Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingsadministrativ leiar - Økonomisk institutt (ØI)

Søknadsfrist 27.03.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Økonomisk institutt har vel 90 tilsette og er det største og høgst rangerte instituttet for økonomisk forsking i Noreg. Instituttet tilbyr eit bachelorprogram og to masterprogram med omlag 350 studentar, samt eit doktorgradsprogram med omlag 40 studentar. Instituttet er vert for eit senterfor studier av likskap, sosial organisering og økonomisk utvikling (ESOP), og eit senter for offentleg økonomi, Oslo Fiscal Studies (OFS).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved Økonomisk institutt (ØI) er det ledig ei fast stilling som forskingsadministrativ leiar (avdelingsleiar SKO 1407). Stillinga er ein del av instituttet sin faste administrasjon som består av i alt ni personar. Stillinga er sidestilt med kontorsjef og ligg direkte under instituttleiar. Forskingsadministrativ leiar er ansvarleg for instituttet sin forskingsadministrasjon og har personalansvar for ein forskingskonsulent og omlag 10 forskingsassistentar. Resten av administrasjonen ved instituttet vert leia av ein kontorsjef. Stillinga inngår i Det samfunnsvitskaplege fakultetet sitt forskingsadministrative nettverk (FANE), og me søkjer ein person som også kan vere med å utvikle det forskingsadministrative arbeidet ved fakultetet.

Økonomisk institutt har to senter; ESOP og OFS. Instituttet har fått midlar til utvikling av eit verdsleiande miljø knytt til ESOP. Instituttet har to ERC Starting Grants og eit ERC Consolidator Grant, og fleire store prosjekt finansiert av Forskingsrådet. Forskingsadministrativ leiar er administrativt ansvarleg for alle prosjekta og dette inneber kortsiktig og langsiktig strategisk planlegging, samt dagleg drift og utgiftskontroll.

Instituttet har fått midlar til utvikling av eit verdsleiande miljø knytt til ESOP. Instituttet har to ERC Starting Grants og eit ERC Consolidator Grant, og fleire store prosjekt finansiert av Forskingsrådet. Forskingsadministrativ leiar er administrativt ansvarleg for alle prosjekta og dette inneber kortsiktig og langsiktig strategisk planlegging, samt dagleg drift og utgiftskontroll.

Arbeidsoppgåver

  • Leie forskingsadministrasjonen ved Økonomisk institutt
  • Personalansvar (rekruttering, opplæring, dagleg oppfølging)
  • Identifisere og informere om eksterne finansieringskjelder
  • Utforming av søknadar og budsjett i tett samarbeid med prosjektleiar og prosjektøkonom
  • Koordinering og oppfølging av prosjekt, kontraktsinngåing og rapportering
  • Halde oversikt over forskingsaktiviteten ved instituttet
  • Leie arbeidet med forskingsformidling

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet. Det vil vere ei føremon med kjennskap til økonomifaget.
  • Erfaring frå forskingsadministrasjon, ekstern finansiering og prosjektoppfølging. Det vil vere ei føremon med kjennskap til EU-prosjekt.
  • Kjennskap til økonomi (budsjettering og rekneskap)
  • Det krevst erfaring med elektroniske verktøy som arbeidsreiskap, og kjennskap til relevante administrative system vil vere ei føremon.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • har evne til å koordinere andre og kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø
  • tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • kan syne engasjement og initiativ og har evne til å motivere forskarar
  • har god tallforståing
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagleg stimulerande miljø
  • løn som avdelingsleiar (SKO 1407) kr 576 100 – 631 700 per år, avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar og liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Kontaktinformasjon

  • Kontorsjef Merethe Aase, tlf: 47 22 85 51 25, e-post: merethe.aase@econ.uio.no
  • Instituttleiar Steinar Holden, tlf: 47 22 85 51 56, e-post: steinar.holden@econ.uio.no

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS