Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Administrativ leiar - Institutt for medium og kommunikasjon

Søknadsfrist: 09.09.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo (UiO) er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for medium og kommunikasjon (IMK) har som formål å drive forsking, undervisning og formidling om moderne medium og om deira plass i samfunnet. IMK har om lag 60 tilsette, av desse om lag 10-12 doktorgradskandidatar. Rundt 1100 studentar tar eksamen her kvart år. Instituttet tilbyr årseining og bachelorgrad i medium og kommunikasjon i tillegg til mastergrader i medievitskap, journalistikk, Political Communication og Screen Cultures. IMK er eit tverrfagleg institutt, basert på akademiske tradisjonar både frå humaniora og samfunnsvitskap.Fleire år på rad er fagmiljøet ved Institutt for medium og kommunikasjon kåra blant dei 50 beste på sitt felt i verda. (QS Ratings).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Institutt for medium og kommunikasjon ved Det humanistiske fakultet søker etter administrativ leiar (SKO 1054).

Stillinga vil ha både strategiske og operative oppgåver, og du må trivast i begge rollene. Stillinga rapporterer til instituttleiar og inngår i leiargruppa ved instituttet.

Dei administrative leiarane ved instituttet tar også del i den administrative leiargruppa på fakultetet, og det er eit tett samarbeid mellom einingane ved fakultetet og fakultetsnivået.

Arbeidsoppgåver

  • leiar- og personalansvar for dei teknisk-administrative tilsette ved instituttet, m.a. rekruttering og personalutvikling
  • tilrettelegging for effektiv drift og organisering av dei administrative tenestene for dei tilsette ved instituttet, studentar og andre brukarar og samarbeidspartnarar
  • strategisk planlegging og gjennomføring av tiltak for å realisere dei måla instituttet har
  • økonomi- og verksemdstyring
  • saksførebuing og iverksetting av vedtak i tillegg til sekretærfunksjon for instituttstyret

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskole, minimum på masternivå. Realkompetanse med relevans for dei konkrete oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
  • Solid leiarerfaring, inkludert relevant leiarerfaring med personalleiing og administrative leiaroppgåver. Økonomikompetanse og erfaring med økonomi- og verksemdstyring vil bli vektlagt.
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som liker å jobbe som lagspelar i ein kompleks kunnskapsorganisasjon med mange interessentar. Du har evne til å arbeide systematisk, er resultat- og løysingsorientert og nytenkande. Du liker å handtere kombinasjonen drift og forvaltning med utvikling og strategisk arbeid. Du er ein tydeleg og motiverande leiar og legg stor vekt på å følge opp medarbeidarane dine og skape eit godt arbeidsmiljø.

Vi vektlegg òg personlege eigenskapar som samarbeidsevne, serviceinnstilling og fleksibilitet.

Vi vil legge spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr

  • lønn som kontorsjef SKO 1054 etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 667 200 og kr 765 100, avhengig av kompetanse ev. òg ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • ev. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (ev. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25, andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS