Stilling:

Førsteamanuensis i kunst med hovudvekt på tekstil / vev

Søknadsfrist 30. september 2018

Ved Institutt for kunst, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis (50 %) i kunst med hovudvekt på tekstil/vev i seksårig åremål. Tilsetjing er ønska frå 1. januar 2019.

Institutt for kunst er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. KMD er eit kraftsenter for kunstnarleg utviklingsarbeid, vitskapleg forsking og utdanning, fundert på lange tradisjonar for kunst-, musikk -og designutdanning i Bergen.

Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med ein felles administrasjon.

Institutta har stipendiatar som er knytte til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) og ph.d.-programmet til UiB. UiB arbeider også med å få på plass eit kunstnarleg ph.d.-program, som vil innebere ei ytterlegare styrking av forskingsmiljøet ved fakultetet.

Fagmiljøa innan kunst og design er samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet - Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Vi søker ein førsteamanuensis i kunst med spisskompetanse innan tekstil/vev med ambisjonar om å utvikle og utforske grensene for kva kunstpraksis innan dette området kan være, og med interesse for andre kunstnarlege uttrykksformer og mogelege koplingar mellom desse. Stillinga krev både kunnskap og evner til å omsette teknisk kunnskap til kunstnarleg praksis.

Den som vert tilsett må ha både omfattande kunstnarleg praksis og ei god teoretisk forståing for kunstfeltet. Vår nye førsteamanuensis må kunne arbeide med kunstnarleg utviklingsarbeid og kunne dokumentere kritisk refleksjon omkring kunstnarlege prosesser som kan tas inn i undervisninga.

Ved Institutt for kunst er undervisninga innan tekstil/vev ein integrert del av instituttet sitt samla undervisningstilbod. Den som vert tilsett må rettleie på alle nivå og må òg væra hovudrettleiar for studentar som arbeider med andre medium/uttrykk.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing
  • Ansvar for undervisningsopplegg
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking, prosjektuvikling/leiing inkludert
  • Hovudrettleiar for ph.d.-MA- og BA studentar
  • Rekruttering av ph.d.- BA- og MA studentar
  • Formidling av resultat
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver.

Det er viktig i stillinga å ha kontakt med utdanningsinstitusjonar og andre relevante samarbeidspartnarar. Den som blir tilsett må komme med innspel for å styrke den faglege debatten på institutt og fakultet, og vere med på å profilere instituttet eksternt – mellom anna gjennom å utvikle faglege nettverk lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Stillinga vil krevje samarbeid med dei andre tilsette ved Institutt for kunst og tilsette ved andre miljø ved Universitetet i Bergen.

Institutt for kunst

Institutt for kunst har eit aktivt og internasjonalt utdanningsmiljø der studenten sin eigen kunstpraksis står i fokus. Vi har kompetanse på internasjonalt nivå innanfor åtte fokusområde: Maleri og teikning, skulptur og installasjon, keramikk og leire, tidsbasert kunst og performance, nye medium (lyd/video), tekstil, grafikk, og fotografi. Bachelorprogrammet vårt trekker til seg studentar frå heile Skandinavia. Masterprogramma i kunst og kuratorpraksis rekrutterer studentar frå heile verda.

Instituttet har gode verkstadfasilitetar som blir brukt både i undervisning og kunstnarleg utviklingsarbeid. Verkstadene har ei klar fagleg forankring. Vi har ein breitt samansett fagstab som er aktiv på kunstscena i Noreg og internasjonalt. Dette er ein føresetnad for eit levande undervisningsmiljø på instituttet. Det kunstnarlege utviklingsarbeidet og forskinga står sentralt og dannar grunnlaget for undervisninga. Blant samarbeidspartnarane våre er Bergen Assembly, Bergen Kunsthall og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særlig fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen.
  • dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning og rettleiing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil måtte halde ei prøveførelesning for instituttets stab og studentar og ei prøverettleiing for ei gruppe studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • perspektiv på fokusområdet tekstil /vev i forhold til kunstnarleg utviklingsarbeid
  • pedagogiske evner og engasjement
  • gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • organisatoriske evner og erfaring

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Søkjarar som ikkje kan dokumentere pedagogisk basisutdanning før tilsetjing vil få tilbod om opplæring.

Vi kan tilby:

  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med løn kr. 558.500 – 623.900 (lønssteg 64 – 70) i det statlege lønsregulativet (løn er under justering). For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Korleis arbeidstida fordelast, går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som utarbeidast i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål
  • attestar
  • dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
  • materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN». Last opp alle vedlegg som separate filer. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du laster dei opp.

Andre opplysingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ein interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglige utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Aashild Grana på tlf. + 47 - 55 58 73 00.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Søknadsfrist: 30. september 2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Aashild Grana (Instituttleiar)

Telefon: + 47 - 55 58 73 00

Powered by Labrador CMS