Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Kontorsjef - TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur

Søknadsfrist: 01.11.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) er eit tverrfagleg senter med 40 tilsette som driv forsking, undervising og formidling innan fagfelta innovasjon og vitskaps- og teknologistudier (STS). Senteret er underlagt Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Ein stor del av senteret sin aktivitet er knytt til forskingsprosjekt finansiert av eksterne finansiørar. Utdanningstilbodet omfattar forskarutdanning (ph.d.-program) og to masterprogram. Senteret er vertskap for OSIRIS (Oslo Institute for Research on the Impact of Science).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur er det ledig ei fast stilling som kontorsjef (SKO 1054).

Stillinga rapporterer til senterleiar og inngår i senteret si leiargruppe. Vi tilbyr ei stilling i eit aktivt og utåtvend forskingsmiljø der kontorsjefen har delegert ansvar for leiing av senteret sine tekniske, administrative og forvaltingsmessige oppgåver inkludert økonomistyring. Kontorsjefen har personalansvar for den administrative staben ved senteret. I stillinga inngår sekretærfunksjon for TIK-styret, med førebuing av saker og iverksetting av styrevedtak i samråd med senterleiar.

Stillinga byd på interessante oppgåver og gode utviklingsmoglegheiter for søkarar med interesse for forskingsadministrasjon og leiing. Avdelingsleiaren inngår i fakultetet sitt administrative leiarnettverk, der det vert lagt stor vekt på individuell og kollektiv kompetanse- og leiarutvikling. Det er nært samarbeid mellom institutta ved fakultetet.

Kvalifikasjonskrav

  • Søkarar må ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule tilsvarende mastergrad innan relevante område, fortrinnsvis innan økonomi, personal eller administrasjon.
  • Realkompetanse med relevans for oppgåvene som er lagt til stillinga kan kompensere for utdanningskravet.
  • God kjennskap til aktuelt regelverk
  • Ved vurdering av søkarar vil det bli lagt vekt på leiarerfaring og relevant administrativ kompetanse.
  • Erfaring frå universitet eller utdanningsinstitusjon er ei føremon
  • Søkar må kunne dokumentere gode munnleg og skriftleg kommunikative evner både på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar, som evne til å motivere medarbeidarar, samarbeidsevner, initiativ og sjølvstende vil bli tillagt vekt.

Vi tilbyr

  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagleg stimulerande miljø
  • løn som kontorsjef kode 1054 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 667 200 og kr 765 100, avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • relevante vitnemål, attestar og liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS