LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent ved Institutt for framandspråk (vikariat)

Søknadsfrist: 13.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studiekonsulent ved Institutt for framandspråk (vikariat)

Ved Institutt for framandspråk (IF) er det ledig ei full stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent) i administrasjonen. Tilsetjinga er eit vikariat frå 15. januar 2022, eller så snart som råd etter dette, og fram til 31. desember 2022. Hovudoppgåva i stillinga er å følgje opp vidareutdanninga ved instituttet saman med tyskfaget.

Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Staben har kring seksti fast vitskapleg tilsette, om lag 25 stipendiatar og postdoktorar og ti administrativt tilsette. Meir informasjon om instituttet ligg her.

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet. Stillinga som studiekonsulent inngår i instituttadministrasjonen der administrasjonssjefen er dagleg leiar. Sju av stillingane i administrasjonen arbeider med studierettleiing og studieadministrasjon, og studieleiar er arbeidsleiar for denne gruppa. Studiekonsulenten samarbeider nært med studieadministrativt tilsette ved instituttet og fakultetet.

Arbeidsoppgåver

Stillinga har ansvaret for å følgje opp vidareutdanninga ved instituttet, og dette inkluderer m.a.:

  • Drift av vidareutdanningskursa ved IF
  • Sakshandsaming
  • Timeplanlegging og eksamensadministrasjon
  • Studierettleiing
  • Studieplanarbeid, studiekvalitet, utvikling av eksisterande kurs og eventuelt òg arbeid med å utvikle nye kurstilbod
  • Informasjonsarbeid for å gjere kursa kjende
  • Rutinearbeid knytt til vidareutdanningsfeltet
  • Samarbeid med vitskapleg personale på vidareutdanningskursa

Stillinga har òg ansvaret for å følgje opp tyskfaget ved instituttet, og dette inkluderer m.a.:

  • Administrativ oppfølging av tyskfaget
  • Sakshandsaming
  • Studierettleiing
  • Timeplanlegging og eksamensadministrasjon
  • Studieplanarbeid, studiekvalitet og fagutvikling
  • Informasjonsarbeid om tyskfaget
  • Sekretær for programstyret
  • Samarbeid med vitskapleg personale på faget

Det kan kome endringar i oppgåvene. Andre oppgåver, både driftsoppgåver og meir prosjektprega arbeid, kan bli lagt inn i stillinga. Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver enn dei som i utgangspunktet er lagt inn i stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Mastergrad (lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning)
  • Relevant praksis frå administrativt arbeid innan høgare utdanning, helst med studieadministrasjon
  • Gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg
  • Evne til å uttrykkje seg godt på engelsk og norsk (inkludert skriftleg på engelsk, nynorsk og bokmål)
  • Motivasjon for stillinga og interesse for faga ved instituttet
  • Effektivitet, sjølvstende, fleksibilitet, gode samarbeidsevner og evne til å gjennomføre arbeidsoppgåvene heilt fram til ferdig resultat

Det studieadministrative arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med vitskapleg personale, og det er ein føresetnad at studiekonsulenten medverkar til god kommunikasjon mellom studiegruppa og fagmiljøa.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 55-59 (kode 1363 i statens regulativ) for tida 499 500-534 000 kroner brutto i året. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Du får vite meir om stillinga om du kontaktar:

  • Studieleiar Hanne Svanholm Misje på tlf. 55 58 22 98 eller e-post hanne.misje@uib.no, eller
  • Administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på tlf. 55 58 22 81 eller e-post arve.uthaug@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS