LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent (seniorkonsulent) - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 04.01.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Det humanistiske fakultet ønskjer velkomen søkjarar til ei fast stilling som seniorkonsulent ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), ledig frå 1. mars 2023. Instituttet har om lag 100 vitskapleg tilsette og om lag 1700 studentar. I den administrative staben inngår 12 stillingar.

AHKR har eit engasjert og aktivt arbeidsmiljø med gode samarbeidsrelasjonar, både mellom dei fire fagmiljøa og mellom vitskapleg og administrativ stab. Instituttet sine primæroppgåver er forsking, undervisning og formidling, og det blir lagt stor vekt på god og formålstenleg fagnær administrativ støtte. AHKR er pilotinstitutt innafor FRAM-satsinga (Om prosjektet | UiB FRAM | UiB) og prøver ut ulike tiltak for å skjerme forskingstida. Undervisningsorganiseringa er derfor under omlegging til meir blokkundervisning, samtidig som administrative ressursar skal frigjerast til betre forskingsadministrativ støtte. Den som vert tilsett kan sjå fram til ein spennande arbeidskvardag, der nye utfordringar skal løysast innafor instituttfellesskapet, og der ein vil få høve til å ta del i dei ulike prosessane og å påverke dei.

Studieleiar er koordinator for studiegruppa ved instituttet, og seniorkonsulenten rapporterer til han. Administrasjonssjefen er leiar for instituttadministrasjonen samla.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeide med studie- og emneplanar
  • Førebu studietilbod
  • Samarbeide med fagkoordinator i studiesaker
  • Vere sekretær for fagmøte og programmøte
  • Drive studierettleiing
  • Drive informasjonsarbeid
  • Førebu og delta aktivt ved semesterstart
  • Bistå ved studiearrangement
  • Ivareta det administrative arbeidet knytt til ekskursjonar og feltkurs/feltarbeid og sjå til at UiBs beredskapsplan vert følgt
  • Behandle innpassing av ekstern utdanning
  • Arbeide med internasjonalisering
  • Ta del i rutineutvikling
  • Ivareta korrespondanse og variert sakshandsaming
  • Ta aktivt del i studienettverket

Det kan verte aktuelt både å fordele hovudansvar for einskilde felt i studieadministrasjonen og med enkelte justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling. Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjonar lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver.

Det studieadministrative arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med vitskapleg personale, og det er ein føresetnad at studiekonsulenten medverkar til god kommunikasjon mellom studiegruppa og fagmiljøa.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad med eit eller fleire relevante fag i fagkombinasjonen
  • Relevant praksis er ein føremon
  • God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og erfaring frå universitets- eller høgskolesystemet og offentleg forvaltning vil bli vektlagt
  • Interesse for og gode evner innan studierettleiing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer
  • Gode engelskkunnskapar er viktig, og det er ein føremon med kjennskap til eit anna relevant framandspråk
  • God IT-kompetanse og røynsle med program som Felles Studentsystem, Canvas og ePhorte vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og god sørvisinnstilling
  • Initiativ, engasjement og fleksibilitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Løn 525 700 - 573 500 kroner per år før skatt (stillingskode 1363, tilsvarande lønssteg 57 - 62 i statens regulativ) etter kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Britt Kristin Holsen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, telefon 55582315 / 90933175, e-post Britt.Holsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS