LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent (seniorkonsulent) - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 16.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Det humanistiske fakultet ønsker velkomen søkjarar til 100 % stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent), ledig frå 1. januar 2023.

Stillinga vil vere knytt til Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FoF), og hovuddelen av arbeidsinnhaldet vil vere studieadministrative oppgåver ved filosofistudiet, frå bachelor-nivå til doktorgradsnivå. Ein må også rekne med noko arbeid ved Informasjonssenteret til Det humanistiske fakultet i tillegg til andre drifts- eller utviklingsoppgåver ved instituttet eller ved fakultetsadministrasjonen.

FoF er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. I tillegg til studieprogramma i filosofi drifter instituttet Examen philosophicum-tilbodet ved Universitetet i Bergen, med ca. 110 kurseiningar pr. år. Ein har også ansvaret for dei to innføringsemna Språkkunnskap og Akademisk skriving (ca. 25 kurseiningar pr. år) i tillegg til 6-8 emne i fagdidaktikk og retorikk.

Det er om lag 40 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 10 stipendiatar/postdoktorar og 6 personar knytt til administrasjonen.

Det humanistiske fakultet har starta ein prosess der ein ser nærare på heile studietilbodet ved fakultetet. Dette kan til dels påverke arbeidsinnhaldet også i denne stillinga, og for rette søkjaren er det noko som kan gje gode vilkår for personelg og fagleg utvikling.

Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på i tilsetjingsprosessen.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med desse hovudområda:

  • Rettleiing og oppfølging av studentar i filosofi, i hovudsak bachelor- og masterstudentar
  • Planlegging og avvikling av eksamen
  • Planlegging av timeplan og undervisning
  • Studieplanarbeid
  • Kontakt med interne og eksterne sensorar
  • Informasjons- og rekrutteringsarbeid
  • Utviklingsarbeid
  • Deltaking i fagleg-administrative nettverk
  • Internasjonalisering

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjonane lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med enkelte justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i relevant fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • God IT-kompetanse. Kjennskap til ulike studieadministrative system (FS, Inspera, TP, ePhorte, Mitt UiB) er ei stor føremon
  • Relevant administrativ erfaring
  • God kjennskap til filosofifaget vil bli vektlagt, og søkjarar med filosofi i fagkrinsen sin har eit fortrinn
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, samt offentleg forvaltning

Språk, skriftleg og munnleg

  • Gode kunnskapar innan begge norske målformer
  • Gode engelskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikative evner
  • God evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Gode analytiske evner

Vi tilbyr:

  • Eit godt og mangfaldig arbeidsmiljø, utfordrande og interessante arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Løn 525 700 – 573 500 kr. per år før skatt (stillingskode 1363, tilsvarande lønssteg 57 – 62 i statens regulativ) etter kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN». Kopi av vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Søknadsfrist: 16.10.2022

UiB-id: 22/14124

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS