LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent (seniorkonsulent) - Institutt for informatikk

Søknadsfrist: 09.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studiekonsulent (seniorkonsulent)

Ved Institutt for informatikk er det ledig to vikariat som studiekonsulent (seniorkonsulent) i studieadministrasjonen. Eit vikariat er for ein periode på 1 år, med ønskeleg oppstart februar 2022.

Og eit vikariat er på 5 månader, med ønskeleg oppstart mars 2022.

Studiekonsulentane jobbar direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for sakshandsaming knytt til våre utdanningstilbod. Det er eit tett og godt samarbeid mellom dei studieadministrative medarbeidarane ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet og dei tilhøyrande institutta.

Studiekonsulentane rapporterer til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen med til saman 11 medarbeidarar. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Vi bygger i tillegg opp en gruppe innen informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver i vikariat på 1 år:

  • Du vil få varierte arbeidsoppgåver innan studieadministrasjon. Døme på oppgåver er:
  • Hovudansvar for studieadministrasjon av bachelorprogramma ved instituttet
  • Kontaktperson for laveregradsstudentar
  • Studierettleiing og informasjonsverksemd
  • Rekruttering og frafallsarbeid
  • Kontaktperson for eksterne samarbeidspartnarar, til dømes Høgskulen på Vestlandet og Det samfunnsvitskaplege fakultet
  • Internasjonal studentmobilitet
  • Innpassing av norsk og utanlandsk utdanning
  • Generelt studieadministrativt arbeid innan fleire av dei felta studieseksjonen arbeidar med

Arbeidsoppgåver i vikariat på 5 månader:

  • Du vil få varierte arbeidsoppgåver innan studieadministrasjon. Døme på oppgåver er:
  • Hovudansvar for studieadministrasjon av masterprogramma ved instituttet
  • Administrasjon av forskarutdanninga
  • Studieplanendringar for heile programportefølje
  • Studierettleiing og informasjonsverksemd
  • Rekruttering- og fråfallsarbeid på masternivå
  • Kontaktperson for masterstudentar og stipendiatar
  • Generelt studieadministrativt arbeid innan fleire av dei felta studieseksjonen arbeidar med

Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis er ein føremon
  • God digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Kjennskap til dei felles studieadministrative systema på universitetet er ein føremon
  • Erfaring med sakshandsaming og studieadministrativt arbeid frå universitets- og høgskulesektoren og frå eit internasjonalt miljø er ein føremon
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk, begge målformer, og på engelsk

- Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, mellom anna:

- evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta

- å vere fleksibel, initiativrik og serviceinnstilt

- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55 - 61 (for tida kr 499 500 - 553 500) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 09.01.2022

Ver vennleg å nemne i søknaden din kva vikariat du søkjer på, eventuelt om du ønsker å søkje på begge.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS