LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent (seniorkonsulent) - Institutt for informatikk

Søknadsfrist: 25.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studiekonsulent (seniorkonsulent)

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent) i studieadministrasjonen med oppstart i juni 2021. Det første året vil stillinga dekke oppgåvene til ei kollega som skal i permisjon. Deretter vil stillinga få tillagt andre studieadministrative oppgåver.

Studiekonsulenten jobbar direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for sakshandsaming knytt til våre utdanningstilbod. Det er eit tett og godt samarbeid mellom dei studieadministrative medarbeidarane ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet og dei tilhøyrande institutta.

Studiekonsulenten rapporterer til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen med til saman 11 medarbeidarar. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Arbeidsoppgåver:

Det første året vil stillinga i hovudsak dekke følgande arbeidsoppgåver:

  • Timeplan- og eksamensarbeid
  • Klagehandsaming
  • Emneevaluering og anna kvalitetsutvikling
  • Arbeid knytt til dei studieadministrative IT-systema Felles Studentsystem, læringsportalen Mitt UiB, digitalt eksamenssystem Inspera, pensumlitteratursystemet Leganto, timeplan- og eksamensplansystemet TP
  • Studierettleiing og informasjonsverksemd knytt til bachelorprogrammet i bioinformatikk
  • Generelt studieadministrativt arbeid

Etter det første året vil du få andre studieadministrative arbeidsoppgåver knytt til vår store programportefølje med fem bachelorprogram, to masterprogram, forskarutdanning, årsstudium og EVU (etter- og vidareutdanning).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå studieadministrativt arbeid er ei føremon
  • Relevant administrativ IT-kompetanse, til dømes bruk av Felles Studentsystem (FS) og/eller dei andre fagadministrative systema er ein føremon
  • Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller anna høgare utdanning/forvaltning er ein føremon
  • Erfaring i sakshandsaming er ein føremon
  • Erfaring med studierettleiing av studentar er ein føremon
  • Den som blir tilsett må meistre norsk og engelsk munnleg og skriftleg.
  • Personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt, til dømes:

- evne til å holde god oversikt og arbeide strukturert og systematisk

- vere utviklingsorientert og ha evne til å tileigne seg ny kunnskap raskt

- god gjennomføringsevne og høy arbeidskapasitet

- vere effektiv, fleksibel, serviceinnstilt, pragmatisk og løysingsorientert

- svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55 - 62 (for tida kr 490 600 – 555 800) i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: administrasjonssjef Linda Vagtskjold eller studieseksjonsleiar Ida Rosenlund

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS