LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent / seniorkonsulent - Institutt for informatikk (vikariat)

Søknadsfrist: 08.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Vil du vere med på vidareutvikling av våre ettertrakta og samfunnsaktuelle studieprogram? Og kva med saksbehandling og rettleiing av våre mange dyktige informatikkstudentar? Då må du søke på Institutt for informatikk sitt ledige vikariat som seniorkonsulent i studieseksjonen. Vi ynskjer nokon som kan begynne i januar 2023 om mogeleg.

Vikariatet gjeld i utgangspunktet for eitt år, med høve for forlenging. Dersom den som eig stillinga ikkje kjem tilbake etter avslutta permisjon, vil det bli lyst ut ei fast stilling.

Som del av studieseksjonen blir du med i eit solid og velfungerande lag på fem studiekonsulentar som jobbar direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for sakshandsaming, rettleiing og utvikling knytt til våre utdanningstilbod. Du blir også med i det godt etablerte nettverket for studieadministrative medarbeidarane ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet og dei andre tilhøyrande institutta.

Studiekonsulentane rapporterer til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen med til saman 13 medarbeidarar. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. I tillegg har vi Center for Data Science (CEDAS) og ei eiga gruppe innan informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spel i samfunnet, er instituttet i vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 professorar/førsteamanuensar.

Arbeidsoppgåver

Du vil få varierte arbeidsoppgåver innan studieadministrasjonen, mellom anna:

  • Koordinering av undervisning i emnet INF100, Innføring i programmering. Emnet har omlag 600 studentar i snitt pr semester, og er med dette eit av de største emna ved UiB.
  • Administrativ kontaktperson/studiekonsulent for årsstudium i informatikk
  • Rekruttering og koordinering av studentmedarbeidarar til undervisningsassistanse og til studentane si "orakelteneste".
  • Utvikling og koordinering av etter- og vidareutdanningstilbod (EVU)
  • Sekretærfunksjon for hovudprogramstyret for studieprogramma i informatikk
  • Samarbeid med instituttet si faglege didaktikkgruppe som underviser dei store grunnemna våre
  • Bidra i søknadsskriving for å oppnå finansiering til nye utdanningsprosjekt
  • Anna saksbehandling, utgreiing, og utviklingsoppgåver som krev sjølvstende og problemløysingsevne

Det er planer om å revurdere oppgåvefordelinga internt i studieseksjonen våren 2023, og du må difor vere budd på at oppgåveporteføljen ovanfor kan bli noko endra/justert i løpet av året.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må ha:

  • utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • god digital kompetanse og evne til å tileigne deg nye ferdigheiter
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk, nynorsk og engelsk

Det er ein føremon om du også har:

  • relevant praksis innan sakshandsaming og rettleiing
  • kjennskap til dei felles studieadministrative systema på universitetet
  • erfaring frå universitets- og høgskulesektoren

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, mellom anna:

  • evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • å vere fleksibel, initiativrik og problemløysingsinnstilt
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 56 - 62 (for tida kr 517 600 - 573 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS