Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (vikariat) - Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 22.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (90 %) i perioden 25. mai – 31. desember 2020, med moglegheit for forlenging i ytterlegare to år, til og med 31.12.2022.

Institutt for klinisk odontologi er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Instituttet har ansvar for utdanning av tannpleiarar og tannlegar ved Universitetet i Bergen, samt spesialistutdanning i odontologi, kvalifiseringsprogram for tannlegar fr land utanfor EU/EØS og forskarutdanning. Instituttet driv forsking på høgt internasjonalt nivå.

Den utlyste stillinga vil ha ansvarsområde knytt til administrativt arbeid med ph.d.-utdanning, forsking og formidling. Næraste leiar er administrasjonssjefen ved instituttet.

Arbeidsoppgåver:

  • Administrasjon (20 %) av NORPART-prosjektet «Establishment of joint research-based education in dentistry in Norway and East Africa». Sekretariatsfunksjon for prosjektet. Oppfølging av aktivitetar og kommunikasjon med samarbeidspartnarar.
  • Forskingsadministrativt arbeid på instituttet.
  • Koordinere søknadsprosessar ved instituttet i samråd med forskingsrådgjevarane på fakultetet.
  • Informasjonsformidling til vitskapeleg tilsette og ph.d.-kandidatar.
  • Koordinatoransvar for forskings- og formidlingsarrangement.
  • Rapportering av forskingsaktivitetar og forskingsresultat, CRISTIN-rapportering.
  • Administrativt arbeid med forskarutdanning ved instituttet.
  • Oppfølging av ph.d.-kandidatar frå opptak til disputas.
  • Ansvar for arrangement knytt til forskarutdanninga - ph.d.-seminar, midtvegsevalueringar og disputasar.
  • Web og formidling.
  • Høgt kvalifiserte saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis er eit krav.
  • God evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • evna til å setje seg inn i nye saksfelt raskt
  • arbeider strukturert og sjølvstendig
  • er serviceinnstilt og fleksibel

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000-542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Signe Solberg, e-post: signe.solberg@uib.no , tlf.: 55 58 66 88 eller 915 60 933

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS