LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (prosjektøkonom)

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (prosjektøkonom)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2 (K2), er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent prosjektøkonom (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg. Klinisk Institutt 2 er eit av dei største institutta ved Universitetet i Bergen, både med antall tilsette og budsjettomfang. Instituttet har 350 tilsette og ein administrasjon på 20 personar, av desse har økonomiseksjonen ved instituttet har totalt 7 tilsette. Våre vitskaplege kollegaer driv med undervisning og forsking innan eit bredt spekter av fagområder, som kreft, hjarte, lunge, geriatri, pediatri, med meir. Det er administrasjonens oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. Me forvaltar eit budsjett på over 200 millionar kroner. No treng me ein ny kollega i økonomiseksjonen i administrasjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • økonomistyring av ekstern- og internfinansierte forskingsprosjekt
  • økonomioppfølging, ansvar for budsjettering og økonomirapportering
  • støtte til forskarar ved søknader og drift av forskingsprosjekt
  • kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
  • leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til forskingsgruppeleiarane ved instituttet
  • rutinemessig rekneskaps- og økonomiarbeid

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad i økonomisk-administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ønskjeleg
  • god forståing og erfaring frå alle prosessar innan prosjektøkonomi er ein føremon
  • gode ferdigheiter i Excel
  • evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • gode samarbeidsevner og serviceinnstilling

Vi søkjer ein person som:

  • er serviceinnstilt og positiv
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
  • bidrar til vårt gode arbeidsmiljø

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 499 500-553 500. For særleg kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Konstituert administrasjonssjef Maria Holmaas, maria.holmaas@uib.no, telefon 5558 5409

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS