Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (prosjektøkonom)

Søknadsfrist: 06.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS) er det ledig stilling som prosjektøkonom (seniorkonsulent, 100 %) med tilsetjing snarast. Økonomen vil mellom anna ha oppgåver knytta til Senter for internasjonal helse (SIH) som har ein SFF (Senter for framifrå forsking) tilknytta. Instituttet har fleire store prosjekt og mykje samarbeid med partnarar i utlandet. Mange av prosjekta er i lavinntektsland i Afrika og Asia, noko som krev ekstra kunnskap hos prosjektøkonom når det gjeld rapportering, overføring av pengar og kommunikasjon med dei utanlandske partnarane. Prosjektøkonom deltek i prosjektmøte, både i Noreg og i visse høve, i utlandet. Dersom det er du som får stillinga vil du bli ein del av instituttets økonomiteam som består av økonomikoordinator (leiar), tre prosjektøkonomar og ein drifts-/instituttøkonom. Økonomiteamet er ein del av administrasjonen ved instituttet kor det er omkring 23 tilsette, under leiing av administrasjonssjefen. Me har eitt godt arbeidsmiljø og treng deg til å bli med oss å oppfylla instituttet sin visjon: Betre helse, betre samfunn.

Arbeidsoppgåver:

  • Budsjett og økonomistyring av FOU-prosjekt i samarbeid med forskarar
  • Gje forskarar støtte i søknads- og budsjettarbeid
  • Rapporterings- og analyseoppgåver
  • Kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
  • Stillinga kan innebere oppgåver som krev spesialkompetanse

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Vidare må søkjarane ha:
  • erfaring frå prosjektøkonomi, og det er ein føremon dersom erfaringa er frå universitets- og høgskulesektoren
  • gode analytiske eigenskapar
  • erfaring med budsjettering, rapportering og rekneskap og bruk av Excel som analyse- og rapporteringsverktøy
  • evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Det er ein føremon om søkjar har erfaring frå internasjonalt arbeid.

  • Vi søkjer ein person som
  • har ein indre «drive» til å gjera ein god jobb og likar å spela på lag med andre
  • har høg digital kompetanse og lett lærer nye ting
  • er sjølvstendig og god på problemløysing
  • kan dokumentera evne til god kommunikasjon og samarbeidsevne

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000-542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS