Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (personalkonsulent) - vikariat

Søknadsfrist: 08.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (personalkonsulent) - vikariat

Ved Det medisinske fakultet er det ledig eit vikariat (100 %) som personalkonsulent (seniorkonsulent). Stillinga er ledig frå 01.08.2020 til og med 31.12.2020 med muligheit for forlenging. Personalkonsulentane er tilsett på fakultetsnivå, har arbeidssted på institutt og er eit bindeledd mellom desse nivåa innan personalfeltet. Næraste overordna er seksjonssjef for personalseksjonen. Den som vert tilsett vil og jobbe tett med instituttleiinga.

Personalseksjonen handsamar personalsaker på fleire nivå innan eit bredt saksfelt. Arbeidsfeltet er i stadig utvikling med innføring av nye system m.m.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsamingsoppgåver innan personalsaker, mellom anna
    • effektuere tilsetjingsvedtak (tilbodsbrev, arbeidsavtale og registrering)
    • arbeide innan ulike lov- og avtaleverk
    • registrere i personaldatasystemet (PAGAweb)
    • permisjonssøknader
    • legge til rette for å følgje opp sjukmelde og anna fråvær
  • ta imot nye tilsette i samarbeid med instituttet
  • vere leiarstøtte i samband med oppfølging og planlegging innan personalfeltet
  • stillinga kan og verte tillagt andre personaladministrative arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis innan personalfeltet er ein føremon
  • Det vil bli lagt vekt på kunnskap om lov- og avtaleverk innan personalforvaltning generelt, og i staten spesielt
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert samt ha gode samarbeidsevner
  • Du må kunne handtere ein hektisk arbeidskvardag med fleire ulike sakar
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000-542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS