Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent knytt til nasjonalt kompetansenettverk for studentars suksess i høgare utdanning og studentars førsteårsopplevingar

Søknadsfrist: 10.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Ved Universitetet i Bergen (UiB) har det over lengre tid gått føre seg ei satsing for å leggje til rette for at studentar skal trivst og lukkast med studia sine. UiB har vore ein pådrivar for etableringa av «Kompetansenettverk for studentars suksess i høgare utdanning», som er eit nasjonalt nettverk som deler kunnskap og erfaring om tiltak som kan gje betre gjennomføring, betre resultat og lågare fråfall. Meir om nettverket.

UiB sitt styre har samstundes vedteke innføring av mentorordningar for alle studentar på lågare grad, på initiativ frå studentane. Mentorsatsinga er eit av fleire tiltak for at studentar ved UiB raskt skal bli fagleg og sosialt integrerte ved universitetet.

Ved Universitetet i Bergen er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent knytt til Studieavdelinga, med oppstart snarast og etter avtale. Seniorkonsulenten vil i 75 % av tida ha administrative oppgåver knytt til det nasjonale nettverket: Kompetansenettverk for studentars suksess i høgare utdanning. I 25 % av tida skal seniorkonsulenten vere knytt til studentars førsteårsopplevingar og innføring av mentorprogram ved Universitet i Bergen.

Vi søkjer etter deg som trivst i eit komplekst kunnskapsmiljø, og som brenn for at studentar skal lukkast i studiekvardagen og for at dei skal oppleve mestring i studia. Du må arbeide sjølvstendig, samstundes som du er glad i å samarbeide og trivst med å handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø. Du vil arbeide tett med prosjektleiar for «Kompetansenettverk for studentars suksess i høgre utdanning» og med den som blir tilsett som rådgjevar knytt til studentars førsteårsopplevingar og innføring av mentorprogram ved UiB (sjå eigen utlysning).

Arbeidsoppgåver:

Prosjektstøtte for nettverket «Kompetansenettverk for studentars suksess i høgare utdanning»:

  • Opparbeide og vedlikehalde nettsider og medlemssystem
  • Arrangementsadministrasjon
  • Følgje opp økonomi og styringsgruppe
  • Følgje opp studentmedarbeidarar som arbeider for prosjektet

Studentars førsteårsopplevingar ved Universitet i Bergen:

  • Planlegging, praktisk gjennomføring og evaluering av ulike tiltak, som til dømes mentorordninga

Det vil bli endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver når sekretariatsfunksjonen i kompetansenettverket blir overført til ein annan institusjon i 2022.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på masternivå
  • Kjennskap til høgare utdanning
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk
  • Erfaring i bruk av Wordpress og Microsoft Office-programvare
  • Røynsle frå studentverv eller med oppgåver knytt til studentars førsteårsopplevingar er ein føremon
  • Du må i tillegg vere serviceinnstilt, effektiv, strukturert, omstillingsdyktig og initiativrik

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55 - 59 (for tida kr 488 000 - 523 200) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: sekretariatsleder Harald Åge Sæthre i Kompetansenettverk for studentars suksess i høgare utdanning, Harald.Sathre@uib.no, eller avdelingsdirektør ved Studieavdelinga Christen Soleim, christen.soleim@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS