Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (FS) ved fakultetets studieseksjon - vikariat

Søknadsfrist: 15.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent i Studieseksjonen. Vikariatet er for 10 månader med start ca.1. juni 2020.

Studieseksjonen har det administrative ansvaret for å koordinere, gi råd om og gi leiarstøtte til utdanningssaker ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Dette betyr blant anna rutineutvikling, strategisk arbeid og driftsoppgåver knytt til arbeid med studentinformasjon, utveksling, eksamen, opptak, tilrettelegging av studier, kvalitetssikring av studier og forskarutdanninga

Arbeidsoppgåver:

  • Studieadministrativ arbeidsstøtte til fagmiljøa.
  • Fakultetets kontaktperson og brukarstøtte i Felles Studentsystem (FS).
  • Sakshandsaming og kvalitetssikring av studieplanar, utdanningsplanar og emneomtalar for fakultetet sine studieprogram.
  • Inngå i teamet for timeplansarbeidet ved fakultetet og brukarstøtte for timeplanleggingssystemet (TP).
  • Studieadministrativ sakshandsaming.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant studieadministrativ praksis.
  • God administrativ IT-kompetanse. Erfaring med FS vil vere ein føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å være fleksibel, ansvarlig og imøtekommande
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 54 - 57 (årsløn kr 479 200 - 504 300) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

For utfyllande opplysningar om stilling kontakt:

Søknadsfristen er 15. april 2020, og søknaden skal merkast 2020/2371.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS