LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent for læringsmiljø ved Studieavdelinga

Søknadsfrist: 12.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent for læringsmiljø ved Studieavdelinga

Universitetet i Bergen har ledig ein 100% fast stilling som seniorkonsulent i læringsmiljøgruppa ved Studieavdelinga ved UiB. Gruppa har eit overordna ansvar for læringsmiljøet på UiB, som inneber mellom anna arbeid med universell utforming, mentorordning, studiestart, studentmangfald, og andre aspektar ved studentanes læringsmiljø. Som ein del av Studieavdelinga vil du arbeide saman med nærmare 60 engasjerte, kunnskapsrike kollegaer som alle arbeidar med ulike delar av studiekvardagen til UiBs studentar.

Vi søkjer etter ein seniorkonsulent som trivst i eit komplekst kunnskapsmiljø, og som er oppteken av at studentar skal lukkast med studiekvardagen og meistre studia sine. Seniorkonsulenten vil ha særskilt ansvar for å følgje opp Læringsmiljøutvalet (LMU) ved UiB, gjennom mellom anna sekretæroppgåver og sakshandsaming for utvalet

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver med Læringsmiljøutvalet (50%):

  • Ansvarleg for innkallingar, sakslister og referat
  • Oppfølging av studentrepresentantar i utvalet
  • Oppfølging av rapportar, utlysingar og aktivitetar forvalta av Læringsmiljøutvalet
  • Administrere arbeidsgrupper nedsett av utvalet
  • Delta i tildelingutval for sentralt avsette midlar for aktivitetar i Velkomstuka

Andre arbeidsoppgåver:

  • Delta i Studieavdelingas arbeid med planlegging, gjennomføring og evaluering av studiestart
  • Bidra i arbeidet med mentorordningane ved UiB
  • Bidra inn i nye prosjekter tilført avdelinga og læringsmiljøgruppa og anna forfallande arbeid
  • Rutineutvikling
  • Være ein støttespelar for leiinga ved UiB og for studentane
  • Arbeid med studenttrivsel, studentinformasjon og anna utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter ein engasjert, nytenkjande og kompetent person, som har innsikt i høgare utdanningssektor og det vil vere en føremon med erfaring frå sakshandsaming i offentleg forvaltning. Vedkommande må ha gode samarbeidsevner og vere løysingsorientert. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning, fortrinnsvis på mastergradnivå, minimum bachelornivå
  • Realkompetanse innan fagfeltet kan erstatte utdanningskravet
  • Kunnskap om, og erfaring med arbeid knytt til studentanes heilskaplege læringsmiljø
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engels

Eigenskapar:

  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å motivere medarbeidarar
  • Systematisk, metodisk og strukturert
  • Service- og løysingsorientert haldning
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
  • Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø der ein må kunne levere kjapt
  • Ha interesse og forståing for verkemidla som kan forbetra studentar sin faglege og sosiale tilhøyrsle til UiB

Vi kan tilby:

  • Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende
  • Moglegheit til å bidra i utviklingsarbeidet av læringsmiljøet ved UiB, og realisere målsetjingane UiB har for læringsmiljøet
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årslønn kr 480 000 - 590 000 i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjoner. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Underdirektør Torunn Valen, tlf. 55 58 66 32, mobil 48 23 94 97, epost torunn.valen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS