LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent for forskarutdanning og studiesaker

Søknadsfrist: 16.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent for forskarutdanning og studiesaker

Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent. Den som blir tilsett,skal arbeide på to av kjernefelta ved universitetet, nemleg utdanning og forskarutdanning. Startdatoer 10. juni 2021 eller etter avtale.

Instituttet har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk oglatinamerikastudium, tysk. På kvart av faga er det fleire disiplinar, som språk, litteratur,kulturkunnskap/historie og fagdidaktikk. Staben ved instituttet har om lag seksti fast vitskapleg, tiadministrativt tilsette og ulike grupper av mellombels tilsette – m.a. kring 25 ph.d.-stipendiatar og eimindre gruppe postdoktorar.

Miljøet ved instituttet er dynamisk og internasjonalt med eit utstrekt samarbeid med institusjonar iulike land og i alle verdsdelar. Meir informasjon om instituttet ligg på www.uib.no/fremmedsprak.Administrasjonen ved instituttet skal leggje til rette for forsking, formidling og utdanning av høgkvalitet.

Arbeidsoppgåver:

Om lag halve stillinga vil gå med til forskarutdanning og andre oppgåver innanfor forskingsfeltet:

  • oppfølging av forskarutdanninga, ph.d.-stipendiatane og postdoktorane ved instituttet (inkl. arbeidsplanar, rettleiing, sakshandsaming mm)
  • sekretær for Forskings- og forskarutdanningsutvalet (FFU) ved instituttet
  • administrativ støtte for forskingskoordinator ved instituttet
  • støtte til forskargruppene ved instituttet

Den andre halvdelen av stillinga vil gå med til studieadministrasjon:

  • sakshandsaming og studierettleiing
  • fagutvikling og fagoppfølging
  • sekretær for utval og programstyre
  • arrangement og prosjektarbeid
  • studentrekruttering og informasjonsarbeid
  • formidling knytt til studiefeltet

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • høgare utdanning på mastergradsnivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • relevant praksis frå administrasjon av forsking og høgare utdanning vil bli vektlagd
  • gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg
  • solide engelskkunnskapar og evne til å uttrykkje seg godt skriftleg på engelsk, nynorsk og bokmål
  • effektivitet, initiativ, fleksibilitet og gode samarbeidsevner
  • sjølvstende og god struktur i arbeidet
  • kjennskap til forskarutdanning og doktorgradsstudie er ein føremon
  • kjennskap til og interesse for faga ved instituttet er ein føremon

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • lønn tilsvarande lønssteg 55-59, for tida 490 200 - 525 600 kroner brutto per år. For særskiltkvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Du får vite meir om stillinga om du kontaktar:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida.

Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 16.05.2021

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS