LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 18.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Det humanistiske fakultet ønsker velkomen søkjarar til 60 % fast stilling som seniorkonsulent ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) og Senter for vitskapsteori (SVT), ledig frå 1. januar 2023. Utviding av stillingsbrøken kan bli aktuelt.

SKOK og SVT er samlokaliserte i Parkveien 9 og har felles administrasjon. Sentra har til saman nærare 40 tilsette og har eit breitt spekter av aktivitetar innan undervisning, forsking og formidling. Les meir om sentra her: SVT og SKOK.

Det humanistiske fakultet har starta ein prosess der ein ser nærare på organiseringa av innkjøp ved fakultetet. Dette kan til dels påverke arbeidsinnhaldet. Stillinga inngår i fakultetet sitt innkjøparnettverk. Innkjøpsfunksjonar til andre einingar ved fakultetet vil kunne inngå i stillinga. For rette søkjaren er det noko som kan gje gode vilkår for personleg og fagleg utvikling.

Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på i tilsetjingsprosessen.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga har varierte oppgåver innan administrasjon og førstelineteneste, med desse hovudområda:

  • Bestilling, varemottak og fakturakontroll
  • Ekspedisjon, post, arkiv og bibliotekkontakt
  • Mottak av nytilsette og gjester
  • Arrangementstøtte: inkluderer ansvar for bestilling av bevertning, møtelokale, og overnatting for kurs, konferansar, og seminar
  • Ansvarleg for rombestilling, telefoni og adgangskort
  • Planlegging og gjennomføring av miljøskapande aktivitet for tilsette og studentar
  • Deltaking i fagleg-administrative nettverk

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjonane lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med enkelte justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelor i relevant fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God IT-kompetanse. Kjennskap til ulike administrative system (ePhorte, SAP, Unit4) er ei stor føremon.
  • Relevant økonomisk-administrativ erfaring.
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, samt offentleg forvaltning.

Språk, skriftleg og munnleg

  • Gode kunnskapar innan begge norske målformer.
  • Gode engelskkunnskapar.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikative evner.
  • God evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Fleksibel og serviceinnstilt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og mangfaldig arbeidsmiljø, utfordrande og interessante arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving.
  • Løn 525 700 – 573 500 kroner per år før skatt (stillingskode 1363, tilsvarande lønssteg 57 – 62 i statens regulativ) etter kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA». Kopi av vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS