Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent - HR-avdelinga

Søknadsfrist: 05.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Ved HR-avdelinga er det ledig eit vikariat/ engasjement som seniorkonsulent frå snarast til 1.4.2021. HR- avdelinga yter bistand og gjev råd til leiarar og tilsette ved universitetet i personal- og organisasjonsfaglege spørsmål.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming i rekrutteringsprosessar frå utlysing til tilsetting
  • Personaladministrativ sakshandsaming
  • Rettleiing innan personalområdet overfor leiinga og andre einingar
  • Utvikling og kvalitetssikring av rutinar

Kvalifikasjonar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring innan HR-arbeid, samt universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
  • Erfaring med saksbehandling og personaladministrative system er ei føremon
  • Gode kommunikasjonsevner

Arbeidsoppgåvene stiller høge krav til nøyaktigheit og evne til å jobbe raskt og systematisk.

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel, ansvarleg og imøtekomande
  • Gode samarbeidsevner
  • Systematisk og er løysingsorientert

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55 - 59 (for tida kr 488 000 - 523 200) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Janne Marie Solheimslid, tlf. nr.: 918 19 544 eller e-post: janne.solheimslid@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS