LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektøkonom (seniorkonsulent)

Søknadsfrist: 12.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til fast stilling som prosjektøkonom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i ulike fellesadministrative einingar og seksjonar. Som prosjektøkonom er du ein del av økonomiseksjonen som gir økonomitenester til heile fakultetet.

Den som blir tilsett vil få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver og arbeide nært med våre forskarar i eit internasjonalt miljø. Prosjektøkonomen vil følgje sine prosjekt tett: frå søknadsfase, til oppstarts- og driftsfase og til avslutningsfasen. Samtidig vil det vere viktig å ha eit meir overordna blikk på porteføljen.

Arbeidsoppgåver:

  • Budsjettering av prosjektsøknader til ulike finansieringskjelder
  • Støtte og oppfølgjing knytt til eksterne prosjekt i oppstarts-, drifts - og avslutningsfase.
  • Oppfølging dersom det oppstår avvik i prosjekta.
  • Rapportere til prosjektleder, finansieringskjelde, institutt, fakultet og eventuelt andre
  • Ha oversikt over prosjekta sin innverknad på instituttøkonomien
  • Bidra med prognose- og analysearbeid og bistå institutt og fakultet med diverse økonomioversiktar
  • Bidra til andre driftsoppgåver økonomiseksjonen har ansvar for
  • Vidareutvikling og kvalitetssikring av økonomirutinar

Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad, eller helst mastergrad, innan økonomi. Nyutdanna med særs relevant utdanning kan og søkja.
  • Relevant erfaring er ein føremon
  • God økonomiforståing, og med nødvendig presisjon i arbeidet.
  • God administrativ it-kompetanse, med spesiell vekt på Excel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og engelsk
  • Vi ønskjer at du er motivert, serviceinnstilt, initiativrik, sjølvstendig, analytisk, løysingsorientert, strukturert og effektiv.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt. Universitetet i Bergen nyttar Unit4 ERP som økonomisystem, SAP som lønssystem og Tableau som rapportverktøy. Kjennskap til, eller erfaring frå, desse eller liknande system vil vere ein fordel.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Alternativt løn som seniorkonsulent, 534 900 – 593 500 (ltr 58 – 64) For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Søknad, CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast: 2023/4092

Søknadsfrist: 12. april 2023

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS