LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektøkonom (seniorkonsulent) - MN-fakultetet

Søknadsfrist: 04.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (seniorkonsulent)

I fakultetsadministrasjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet) er det ledig ei stilling som prosjektøkonom (seniorkonsulent).

Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,3 milliard kroner. Forsking og undervisning skjer på institutt og i sentre.

Økonomiseksjonen ved MN-fakultetet har om lag 25 medarbeidarar som sit samla i Realfagbygget og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva er å levere økonomitenestar og -støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet.

Vi ynskjer å rekruttere ein prosjektøkonom til seksjonen. Prosjektøkonomen vil vere knytt til temagruppa prosjektøkonomi. Som prosjektøkonom vil du jobbe tett på forsking og utdanning og våre forskarar og undervisarar i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Prosjekta er for det meste eksternt finansierte forskingsprosjekt, og dei største finansieringskjeldene for prosjekta er Forskningsrådet og EU.

Eit av dei viktigaste måla til økonomiseksjonen er å sikre god service og høg kvalitet på økonomitenestene overfor alle brukarane. Vi skal sikre gode og rettidige leveransar til institutt- og fakultetsleiinga og til prosjektleiarane, og bidra med service som kan hjelpe den einskilde med støtte til gode avgjerder og god økonomistyring. Det er eit uttalt mål at vi ynskjer at eininga skal vere rigga for framtidige utfordringar og konkurransesituasjonen MN-fakultetet er i. I dette ligg at det fortløpande må byggjast kompetanse om noverande og potensielle bidragsytarar.

Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du jobbe i ein høgt kompetent og inkluderande administrasjon og få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet. Du rapporterer til seksjonssjef.

Arbeidsoppgåver:

Prosjektøkonomen vil følgje sine prosjekt frå A til Å, frå søknadsarbeid til oppstart, oppfølging og avslutning. I alle desse fasane er det svært viktig å forstå og forklare verknaden prosjekta har på grunnløyvinga og totaløkonomien, og å ha eit overordna blikk på porteføljen i samband med budsjettering og rapportering.

Eksempel på arbeidsoppgåver:

  • Støtte prosjektleiar i søknadsfasen ved å gi råd og lage prosjektbudsjett til diverse søknadsportalar.
  • Opprette og avslutte prosjekt i gjeldande prosjektmodul. Budsjettere og formidle økonomiske konsekvensar for andre delar av økonomien.
  • Følge opp prosjekta i heile levetida og halde dei à jour: jamleg oppfølging mot kontrakt og budsjett, fakturering, dialog og rapportering til prosjektleiar, finansieringskjelde og institutt/fakultet.
  • Opparbeide særskilt kompetanse om enkelte prosjekttypar og einingar ved fakultetet.
  • Berekne framtidige effektar på totaløkonomien og formidle dette.
  • Utvikle samarbeidet om eksternfinansiering, både internt på seksjonen, med andre funksjonar og med leiinga.
  • Ta aktivt del i utvikling av rutinar for budsjettering og rapportering for eksternfinansierte prosjekt og følgjene på grunnløyvinga. Gjere modellar og rutinar knytt til prosjektarbeid betre og bidra til å styrke det administrative samarbeidet internt på fakultetet og med institutta.

Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga.

Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring med prosjektarbeid og støtte til ekstern prosjektinnhenting er ein føremon.
  • God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er ein føresetnad.
  • Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon.
  • Søkjarar bør ha relevant praksis innanfor stillinga sine ansvarsområde.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som

  • har interesse for tal og har god økonomiforståing
  • er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • har analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
  • trivst med endring og å ha mange jarn i elden
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde

Du må vere

  • initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn som seniorkonsulent (kode 1363) etter lønssteg 57 - 65 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 516 100 – 594 300 . For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • kompetanse- og karriereutvikling. Gode interne kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektøkonom Linda Emdal telefon 55 58 87 51 / e-post: linda.emdal@uib.no, eller
  • Seksjonssjef Trine Gravdal Lie telefon 55 58 26 80 / e-post: trine.lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS