LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Museumspedagog 80% (seniorkonsulent, stillingskode 1363)

Søknadsfrist: 31.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Museumspedagog 80% (seniorkonsulent, stillingskode 1363) ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for forskingskommunikasjon

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Museumspedagog 80% (seniorkonsulent, stillingskode 1363) ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for forskingskommunikasjon

Universitetsmuseet i BergenUniversitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 140 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette.

Museumspedagog

Vil du vere med å skape og vidareutvikle Universitetsmuseet i Bergen (UM), ein av dei mest spennande forskingskommunikasjonsarenaene i landet?

Ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig to 80% stillingar som museumspedagog (seniorkonsulent, stillingskode 1363) i faggruppa Arrangement og undervisning ved Avdeling for forskingskommunikasjon, med tiltreding 01.01.2022.

Universitetsmuseet er ein del av Universitetet i Bergen og ein viktig møteplass mellom akademia og samfunn. Avdeling for forskingskommunikasjon legg til rette for dialog rundt UiB sine ulike forskingsprosjekt og gir innsyn i kva form for kunnskap eit universitet produserer for samfunnet. Gjennom ulike formidlingsformat og -metodar og gjennom museets mangfaldige samlingar av gjenstandar, kommuniserer Avdelinga forskinga ved Universitetsmuseet og Universitetet i Bergen – frå forskingsgrupper, prosjekt og klynger, frå institutt og senter, og frå enkeltforskarar. Det er ei viktig oppgåve å inkludere studentar ved UiB i dette arbeidet. Avdelinga bidrar og til forskingskommunikasjon i samband med eksternfinansierte prosjekt.

Stillinga som museumspedagog inngår i faggruppa Arrangement og undervising. Gruppa har mellom anna ansvar for å utvikle og gjennomføre nye, aktuelle og samfunnsrelevante publikumstilbod av høg kvalitet. Faggruppa skal ved bruk av ulike didaktiske metodar og målretta kommunikasjonstiltak, leggje til rette for at publikum, gjennom eit heilt liv, får eigod og kunnskapsrik oppleving når dei tar del i Universitetsmuseet sin forskingskommunikasjon.

Museumspedagogane tek del i utviklinga og gjennomføringa av arrangement og undervisningsopplegg, yter hjelp og støtte til avdelinga si kurs- og seminarverksemd, samt andre aktivitetar. Museumspedagogane rapporterer til faggruppeleiar/pedagogisk leiar. Personalansvaret for stillinga ligg hjå avdelingsleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i planlegging, utvikling og gjennomføring av avdelinga sine tilbod retta mot born, unge og skuleverket og tilbod retta mot andre publikumsgrupper (arrangement, utstillingar, omvisingar, foredrag, kurs og liknande) i samråd med avdelinga sine andre faggrupper
  • Vidareutvikle eksisterande og setje i gang nye pedagogiske tilbod til skuleverket, frå barnehage til vidaregåande trinn, knytt opp til Universitetsmuseets samfunnsoppdrag
  • Gjennomføring av kursverksemd, seminar og ulike tilstellingar
  • Bistå i opplæring av undervisarar og kunnskapsvertar
  • Øvrige oppgåver etter avtale med nærmaste leiar

Noko ukurant arbeidstid, også i helger, må påreknast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø. Det kan bli gjort endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer resultatorienterte medarbeidarar med stor arbeidsglede og -kapasitet og evne til å engasjere publikum og tilsette. Kandidatane må ha god målgruppeforståing, og evna til å både arbeide sjølvstendig og samarbeide godt i team. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

  • Utdanning på fortrinnsvis masternivå frå universitet eller høgskule. Relevant praksis og erfaring kan i nokre tilfelle svare til manglande formell utdanning
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning. Relevant praksis kan svare til manglande formell utdanning
  • Brei røynsle frå og kunnskap om opplæring, undervising, forskingskommunikasjon og anna utøvande formidlings- og kommunikasjonsarbeid, inkludert undervising i museum
  • Relevant administrativ praksis tilpassa stillinga sine funksjonar
  • Brei erfaring frå prosjektverksemd, teamarbeid og utvikling av arbeidskultur
  • Gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønnssteg 58-64 (524 900– 583 500) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Avdelingsleiar Eli Kristine Økland Hausken, telefon 48133749

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS