Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Søknadsfrist: 23.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast 100% stilling som førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Det vil vere aktuelt med tilsetjing frå april/mai 2020.

Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign samt TV-produksjon. Instituttet har for tida 35 vitskaplege stillingar og 25 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1000 studentar er knytt til instituttets bachelor- og masterprogram.

Den som blir tilsett vil vere ein viktig støttespelar i administrasjonen og for vitskapleg tilsette i arbeidet ved instituttet. For meir informasjon om instituttet sjå: http://www.uib.no/infomedia

Stillinga inngår i administrasjonen ved instituttet, som har om lag 10 årsverk, og tenester som består av studieadministrasjon, forskings- og økonomistøtte samt teknisk stab. Administrasjonssjef har personalansvar for dei tilsette i administrasjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudoppgåvene vil ligge innan eksamensarbeid og anna studieadministrativt arbeid
  • Informasjons- og kommunikasjonsarbeid for instituttet
  • Innkjøp/bestillingar, post og anna kontoradministrativt arbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad. Det er ønskjeleg med samfunnsvitskap i fagkretsen
  • Relevant praksis. Administrativ praksis frå universitets- og høgskulesektoren samt kjennskap til UiBs IT verktøy er ei føremon
  • God IT-kompetanse
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Kjennskap til ulike publiseringsverktøy og bruk av sosiale mediar som kommunikasjonskanal er ei føremon
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
  • Evne til å arbeide systematisk og strukturert

Vi kan tilby:

  • Kompetanseutvikling i eit spennande fagleg og sosialt miljø
  • Løn som førstekonsulent i kode 1408/LR21.8 i det statlege regulativ, ltr.51-55 avhengig av tenesteansiennitet og kompetanse. Dette utgjer for tida kr. 456 400 – 488 000 per år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast 2020/1018

Søknadsfrist: 23. februar 2020

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS