LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent studieadministrasjon - Det juridiske fakultet

Søknadsfrist: 06.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Masterprogrammet i rettsvitskap er ei av Noregs mest populære utdanningar, og fakultetet er blant dei leiande forskingsmiljøa i Norden innan strafferett, straffeprosess og politirett.


Les meir om Det juridiske fakultet.

Ei av Noregs mest populære utdanningar treng fleire dyktige administrative medarbeidarar

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent (studieadministrasjon)

I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast stilling i 100 % stilling som førstekonsulent. Tiltreding så raskt som mogleg.

Studieseksjonen bidreg til å utdanne framtidas juristar og ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag. Seksjonen arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle kvalitet i studiet og å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar. Personen i stillinga skal bidra i dette arbeidet. Fakultetet nyttar i utstrekt grad digitale hjelpemiddel i både vurdering, undervisning og forskingsformidling.

Masterprogrammet i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet har vunne fleire prisar, og revidert studieordning vert lansert til hausten. Dette året har vi også starta opp arbeidet med prosjektet Bedre læring, bedre jurister.

Arbeidsoppgåver

Stillinga inneber studieadministrative oppgåver innanfor blant anna undervisning, eksamen og saksbehandling, i tillegg til å avlaste kollegaer ved arbeidstoppar og fråvær.

Stillinga passar særs bra for deg som er fleksibel og tek ei utfordring på strak arm, samstundes som du kan arbeide nøyaktig og effektivt etter prosess- og rutinerettleiingar. Du skal også bidra i utvikling av desse. Du vil få utfordrande og varierte arbeidsdagar, og må difor evne å halde hovudet kaldt i hektiske periodar.

Den som blir tilsett vil primært inngå i seksjonen si studieårsgruppe, men kan også få andre studieadministrative oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Høgare utdanning, minimum bachelorgrad. Du treng ikkje ha juridiske emne i graden din, og kandidatar frå alle relevante fagområde blir oppmoda til å søkje
  • Praksis og erfaring frå studieadministrativt arbeid, saksbehandling og prosjektarbeid er ein føremon. Erfaring frå organisasjons- og servicearbeid kan også vere relevant
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk(begge målformer) og engelsk
  • God digital kompetanse og systemforståing
  • Effektiv, ansvarsbevisst, initiativrik og fleksibel
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på fleire parallelle prosessar og aktivitetar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt

Vi kan tilby

  • Varierte oppgåver, sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for utvikling
  • Hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 50 - 55 (p.t. kr. 451 700 – 490 600) (kode 1408 /LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • Lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:

  • Assisterande fakultetsdirektør / leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka ”Søk stillinga”.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.

Velkommen som søkjar!

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS