LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent (økonomikonsulent) - fast og mellombels

Søknadsfrist: 31.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent (økonomikonsulent) - fast og mellombels

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig to stillingar som økonomikonsulent (100 %) . Ein fast og ein mellombels for 1 år. Begge Stillingane er en del av administrasjonen ved instituttet og rapporterer til administrasjonssjef. Institutt for biomedisin har ansvar for fakultetet sine basalmedisinske fagmiljø. Institutt for biomedisin har om lag 180 tilsette og eit budsjett på om lag 150 mill.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjektoppfølging, ansvar for kontraktsoppfølging, budsjettering og økonomirapportering søknadstøtte og koordinering av forskingsprosjekt
  • Bestilling og fakturahandtering
  • Honorar, reiserekningar og timeavtaler
  • Bidra til utvikling og forbetring av prosjektverktøy, økonomiverktøy m.m.
  • Rutinemessig innkjøp, rekneskaps- og økonomiarbeid
  • Administrativ/økonomistøtte mot kjernefasilitetane utforming av analysar og prognosar knytt til prosjekta

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søker må ha bachelorgrad i økonomisk-administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglende formell utdanning.
  • relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ønskjeleg
  • god forståing og erfaring frå prosjektarbeid er ein føremon
  • God tall og regnskaps forståing er ein føremon
  • Ein må ha gode ferdigheiter i Excel
  • må ha evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Vi søkjer ein person som

  • er serviceinnstilt og positiv
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 439 900 - 483 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS