LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent (økonom) - Klinisk Institutt 1

Søknadsfrist: 28.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Vi ynskjer deg velkomen til å søkje midlertidig stilling som førstekonsulent (driftsøkonom) (100 %) ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 1. Tilsetjing vert så snart som mogleg. Stillinga kan bli fast.

Klinisk Institutt 1 er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen. Vi forvaltar eit budsjett på over 100 millionar kroner. Instituttet har om lag 250 tilsette og ein administrasjon på 13 personar, der økonomiseksjonen ved instituttet har 3 tilsette. Det er administrasjonens oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. No treng vi ein ny kollega i økonomiseksjonen i administrasjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • regnskaps- og økonomiarbeid som handtering av bestillingar, fakturabehandling og kontroll og føring av reiserekningar
  • superbruker og brukerstøtte knyttet til bestillings- og fakturasystem (UBW)
  • opprette og følge opp arbeidsavtaler for honorar mm
  • bistå institutt med diverse økonomioversikter
  • bidra i andre driftsoppgaver økonomiseksjonen har ansvar for

Det er muligheter for også å jobbe med prosjektøkonom oppgåver som:

  • støtte og oppfølging knytt til eksterne prosjekter i ulike fasar; søknads, - kontrakts-, drifts - og avslutningsfase
  • økonomioppfølging; budsjettering, avviksanalysar og økonomirapportering Det kan verte aktuelt å leggje andre administrative oppgåver til stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • relevant erfaring
  • god forståing og erfaring frå alle prosessar i prosjektøkonomi
  • gode ferdigheiter i Excel
  • evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
  • nyutdannede kan også bli vurdert for stillingen

Vi søkjer ein person som:

  • er serviceinnstilt og positiv
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er strukturert, jobbar effektivt og har god gjennomføringsevne
  • er sjølvstendig og evner problemløysing
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
  • ynskjer å bida til vårt gode arbeidsmiljø

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø, og eit svært godt arbeidsmiljø
  • stilling som førstekonsulent (kode 1408) lønnes fra kr 449 000 – 493 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Jorunn Skei, e-post: jorunn.skei@uib.no, telefon 55 58 54 24

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS