LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent (50%) i studieseksjonen

Søknadsfrist: 21.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Ved studieseksjonen på Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig 50 % fast stilling som førstekonsulent. Stillinga er særleg knytt til rekruttering- og opptak av studentar, men kan også knytast til fleire studierelaterte prosesser ved fakultetet.

Som førstekonsulent inngår du i ei studieadministrativ gruppe på om lag 12 medarbeidarar på fakultetet. Stillinga rapporterer til studiesjef, og samarbeider i det daglege tett med opptaksansvarleg ved fakultetet. Meir informasjon om fakultetet finn du på vår nettside.

Arbeidsoppgåver:

Til stillinga ligg mellom anna følgjande ansvar og oppgåver:

  • Støtte til administrasjon av lokale opptak og opptaksprøvar.
  • Organisering av juryar og studentrepresentasjon.
  • Arbeid med informasjonsmateriell.
  • Rekrutterings- og nettverksarbeid.
  • Deltaking i nettverksgrupper ved fakultetet og UiB.
  • Bistand i forbindelse med ulike arrangement ved fakultetet.

Arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan variere. Den som vert tilsett må òg rekne med å gjere ulike oppgåver innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Fakultetet søker ein medarbeidar som raskt kan sette seg inn i arbeidsprosessar, og bidra til ein god arbeidsflyt.
  • Fagleg bakgrunn frå eit av fakultetets fagområde, eller erfaring frå tilsvarande utdanningar kan være ein føremon.
  • Søkjar må ha høgare utdanning på minimum bachelornivå, innafor relevante fagområde for stillinga. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Søkjar må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
  • Det er naudsynt med god IT- kompetanse. Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og god erfaring med andre digitale verktøy er ein føremon (særleg ePhorte, FS, Office-pakken, Canvas/MittUiB), samt ev andre digitale kommunikasjonsverktøy.
  • Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, til dømes:
    • du bør være sjølvstendig og ansvarsbevisst.
    • du trivst med detaljarbeid, og kan sjå samanheng og heilskap i arbeidet.
    • du er strukturert og nøyaktig, og har god gjennomføringsevne.
    • du er positiv, serviceinnstilt og imøtekomande.
    • du bør ha svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
    • du trivst i et aktivt miljø med til tider høgt arbeidspress.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanning og det profesjonelle kunst- musikk- og designfeltet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408/LR 21) med løn kr. 451 700 - 490 600 (lønssteg 50 – 55). For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga.
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar.
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon).

Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no) eller
  • Assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, (eli.hoie@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS