LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Controllar (seniorkonsulent) - Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 07.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Controllar (seniorkonsulent)

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ei stilling som controllar (seniorkonsulent).

Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 3000 studentar og eit budsjett på om lag 1,3 milliard kroner. Forsking og undervising skjer på institutt og i sentre.

Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar og er organisert i fire seksjonar.

Økonomiseksjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet) har 25 medarbeidarar som sitter samla i Realfagbygget og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva er å levere økonomitenester og -støtte til fakultetet og alle institutt og senter knytt til fakultetet.

Vi ynskjer å rekruttere ein controllar til seksjonen. Controllaren vil vere knytt til temagruppa totaløkonomi. Som controllar vil du jobbe tett på fakultet og institutt med forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø.

Eitt av dei viktigaste måla til økonomiseksjonen er å sikre god service og høg kvalitet på økonomitenestene overfor alle brukarane. Vi skal sikre gode og rettidige leveransar til institutt- og fakultetsleiinga og til prosjektleiarane, og bidra med service som kan hjelpe den einskilde med støtte til avgjerd og økonomistyring. Det er eit uttalt mål at vi ynskjer at eininga skal vere rigga for framtidige utfordringar og konkurransesituasjonen MN-fakultetet er i. I dette ligg at det fortløpande må byggjast kompetanse om noverande og potensielle bidragsytarar.

Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet og du rapporterer til seksjonssjef.

Arbeidsoppgåver

  • Rapportering og rådgjeving til institutt
  • Instituttbudsjett
  • Prognosearbeid
  • Detaljbudsjettering/re-budsjettering
  • Avstemmingar
  • Statistikk og analysearbeid
  • Økonomifaglig rettleiing
  • Kvalitetskontroll
  • Vidare utvikling av totaløkonomifeltet og seksjonen

Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga og stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrisen. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er ein føresetnad
  • Bør ha kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning.
  • Bør ha relevant praksis innanfor stillinga sine ansvarsområder.
  • Bør ha erfaring frå arbeid med koordinering og teamarbeid.
  • Må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

Du må ha

  • interesse for tal og ha god økonomiforståing
  • analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
  • trivast med endring og det å ha mange jarn i elden
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde

Du må vere

  • initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby

  • eit spanande og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • kompetanse- og karriereutvikling. Gode interne kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon.
  • løn som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 57-66 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar (for tida kr. 507 400 – 597 000). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • fleksibel arbeidstid og pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sende på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Trine Gravdal Lie, e-post trine.lie@uib.no, tlf. 930 16 763

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS