Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Arkivar - Spesialsamlingane

Søknadsfrist: 25.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100 % stilling som arkivar (seniorkonsulent 1363). Stillinga er for tida knytt til Manuskript- og librarsamlinga ved Seksjon for Spesialsamlingar, og den tilsette vil særleg arbeide med arkivering og utvikling samt noko formidling av Universitetet i Bergens faghistoriske arkiver og spesialsamlingar. Ut frå UBs behov kan det også være aktuelt med tilknyting til andre faglege einingar ved seksjonen.

Manuskript- og librarsamlinga er ein av dei fire einingane ved Seksjon for spesialsamlingar ved UB. Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript, kart, aviser og faghistoriske arkiv. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv. Arkivaren skal jobbe mest med fysiske og digitale faghistoriske arkiv.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i innsamling av fysiske og digitale arkiv-, bok-, og fotografiske samlingar ved UiB, eller utanfor UiB, og ulike flytte- og logistikkprosessar knytt til dette arbeidet.
  • Bidra til formidling, undervisning og rettleiing i eldre kjelder.
  • Delta aktivt i seksjonens andre driftsoppgåver, t.d. mottak av bibliotek- og arkivmateriale, sortering, registrering og ompakking av samlingar, samt publikumskontakt i ulike former.
  • Delta i seksjonens utvikling av arkivfagleg kompetanse.
  • Ytterlegare arbeidsoppgåver kan bli pålagt i tråd med seksjonens behov.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Må ha:

  • Mastergrad innan humanistiske fag, alternativt høgre grad innanfor arkiv- eller bibliotekkunnskap.
  • Erfaring frå fysisk og digital arkivhandsaming.
  • Erfaring med Asta og gjerne også andre arkivsystem knytt til fysiske og digitale arkiver. Kjennskap til biblioteksystem f. eks. Alma og andre digitale plattformer for bibliotek- og arkivteneste er ein fordel.
  • Erfaring med innsamling, ordning, registering/katalogisering av digitalt skapt arkivmateriale, samt digitalisert og fysisk arkivmateriale.
  • Erfaring med publikumskontakt, publisering og munnleg formidling.

Bør ha:

  • Kunnskap om ulike digitale arkivverktøy innan arkiv og bibliotek.
  • Kunnskap om eldre faghistorisk materiale.
  • Bredt fagleg nettverk innan bibliotek- og/eller arkivmiljø.
  • Erfaring frå innsamling og flytting av samlingar frå bibliotek-, arkiv-, eller museumssektoren.

Blir vektlagd:

  • Høg arbeidskapasitet.
  • Strukturert, fleksibel, service- og resultatorientert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (el. skandinaviske språk) og engelsk.

Personlege eigenskapar blir særleg vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg kompetent arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som seniorkonsulent etter lønssteg 56 – 60 (kode 1363) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 496 100 –532 300). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge tlf. 98853148 / 55582572, e-post: bjorn.bagge@uib.no, eller
  • Fagleg leiar Alexandros Tsakos, tlf. 55588832, e-post: alexandros.tsakos@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS