LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Administrativ koordinator (seniorkonsulent) - vikariat

Søknadsfrist: 01.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrativ koordinator (seniorkonsulent) – vikariat

Ved Universitetet i Bergen er det ledig eit vikariat for eitt år frå 15. januar 2022 som administrativ koordinator (seniorkonsulent) ved Birkeland Center for Space Science (BCSS), eit senter for framifrå forsking (SFF) som vart etablert 1. mars 2013.

BCSS er eit tungt kunnskapsmiljø som gjennom frontforsking skal gje betre forståing av korleis jorda er kopla til verdsrommet. Senteret er etablert ved Institutt for fysikk og teknologi, med ein node ved NTNU i Trondheim og ein ved UNIS i Longyearbyen. Senteret har i tillegg ei lang rekkje samarbeidspartnarar i inn- og utland. Noregs Forskingsråd har gitt løyving for senteret i 10 år.

Administrativ koordinator er ansvarleg for dagleg administrasjon av senteret og rapporterer til senterleiar og har sin arbeidsstad ved BCSS. BCSS er tett integrert i Institutt for fysikk og teknologi og gjer bruk av administrative tenester der, slik at administrativ koordinator også vil arbeide tett saman med administrasjonssjefen ved instituttet og økonomi- og personaladministrasjonen ved fakultetet.

Arbeidsoppgåver:

Ansvaret omfattar eit breitt spekter av administrative oppgåver.

Dette inkluderer mellom anna:

  • budsjettarbeid
  • økonomistyring og oppfølging av rekneskap
  • rapportering
  • tilrettelegging for fagleg utveksling
  • forvalte gjesteforskarprogram
  • ansvar for kommunikasjon og informasjonsflyt internt i senteret og mellom partnarar, eksterne samarbeidsrelasjonar og oppdragsgjevar
  • organisering av halvårlege samlingar for alle medlemmar i senteret, andre konferansar og møter senteret tek på seg, og dessutan organisering av forskarskule.
  • støtte til senterleiar i utlysingsprosessar, koordinering av forskings­gruppe, prosjektetablering, styring og rapportering
  • sakshandsamar for styret til senteret og internasjonale fagråd
  • dagleg hjelp med drift av senteret

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha høgare relevant utdanning på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Økonomisk kompetanse er eit krav.
  • Erfaring med søknadsprosedyrar (NFR og EU) er eit krav.
  • Kjennskap til eksterne finansieringskjelder nasjonalt og internasjonalt er ein føremon.
  • Kompetanse og erfaring innan administrativt arbeid er ein føremon.
  • Kjennskap til økonomisystema ved UiB er ein føremon
  • God administrativ IT-kompetanse.
  • Kjennskap til universitets- og høgskolesektoren
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

Du må

  • vere sjølvstendig, resultatorientert og initiativrik
  • arbeide strukturert og målretta
  • ha interesse for tal og ha god økonomiforståing
  • ha analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ha evne til å skape eit inkluderande samarbeidsmiljø
  • trivst med endring og å ha mange jarn i elden
  • ha motivasjon for å ta tak i små og store arbeidsoppgåver

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og internasjonalt kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling.
  • stilling som seniorkonsulent i lønssteg 54-60 (kode 1363) i det statlege lønsregulativet avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 491 200 – 543 500) For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Leiar for senteret Nikolai Østgaard(+47) 55 58 27 94 / (+47) 472 70 653 / nikolai.ostgaard@ift.uib.no
  • Administrasjonssjef Grete Kvamme Ersland (+47) 55 58 27 59 / grete.ersland@ift.uib.no
  • Seksjonssjef økonomi Trine Gravdal Lie, (+47) 55 58 26 80 / trine.lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS